Arktis

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Arktis fotografert fra satellitten Suomi NPP.
Isaudet i Arktis

Arktis er namnet pa omrada rundt Nordpolen . Det finst fleire definisjonar pa nøyaktig kva omrade det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen nar ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landomrade, som Svalbard , Grønland og det nordlegaste Amerika . Desse definisjonane nyttar gjerne Polarsirkelen eller den nordlege tregrensa som ytre grense for Arktis.

Dersom ein bruker den snevre definisjonen av Arktis, finst det ikkje land der. Overflaten er danna av store isflak som støyter saman og bryt seg laus fra kvarandre. Tek ein med landomrada litt lenger sør, vil ein finna at dei ogsa er prega av is. Dei er tundralandskap, det vil seia at det meste av jorda er frosen aret rundt.

Trass i dette har Arktis eit rikt dyreliv. I hava og under isen er det liv. I tillegg til fisk og havpattedyr finn ein til dømes mosdyr , sjøpungar , krepsdyr og muslingar . Symbolet pa Arktis er likevel isbjørnen .

Namnet Arktis kjem fra det greske ordet Arktos , som tyder bjørn . Stjernebileta som grekarane kalla Store Bjørn og Vesle Bjørn ligg i nord, og dermed blei dette dyret knytt til nordlege trakter. At isbjørnen er det dyret dei fleste assosierer med Arktis, gjer namnet enda meir passande. Antarktikos , eller Antarktis er dermed motstykket til bjørnelandet, og ligg pa andre sida av jordkloten.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Nordishavet tilfører bade fukt og varme til Arktis, sjølv om det kan vere kaldt nok her. Fukta gjer at det vert noko meir skya og take her enn i Antarktis . Polhavet far tilført mykje ferskvatn fra elvar og gjennom nedbør, og har derfor stor isdanning . Isutbreiinga er typisk størt i mars og minst i august-september, noko som paverkar bade temperatur og nedbør. Det er derimot store skilnader fra ar til ar.

I Polhavet vert klimaet delvis styrt av ein høgtrykksrygg mellom det nordlege Canada og Aust- Sibir som er best utvikla om varen. Middeltemperaturen for februar gar ned mot -40 °C nord for Grønland og pa øyane lenger vest, medan Beringsundet og Spitsbergen har kring ?20 °C. Den varmaste manaden er juli og middeltemperaturen ligg nær eller litt under 0 °C i heile dette omradet. Kyststrøka har typisk litt over null grader. Det kjem mest nedbør pa sommaren og tidleg pa hausten, men ikkje meir enn 150 mm og mindre enn dette i Nord-Amerika.

Omradet fra Grønland og austover mot Novaja Zemlja har eit maritimt polarklima, og ei tunge med temperert klima strekkjer seg heilt opp til 71 °N i havet vest for Noreg. Temperert havvatn strøymer inn i Polhavet fra Norskehavet og gjer at isgrensa nord for Spitsbergen ofte ligg nord for 80 °N. Isfjell fra Grønland gjer derimot at havtemperaturen er lag langt mot sør. Bjørnøya er typisk for denne sektoren med middeltemperatur i januar pa -7,9 °C, og i 4,5 °C i august. Det er forholdsvis ofte take om sommaren, i juli heile 22 % av tida, medan han vinteren gjennom berre er kring 2 %. Bjørnøya har i snitt sju klarversdagar per ar.

Øygruppene utanfor Eurasia og Nord-Amerika er prega av landomrada innanfor, særleg pa vinterstid. Pa grunn av sterkt varmetap over land far ein nærast ein monsuntendens der lufta strøymer fra land mot det mindre kalde havet. Sjøtemperaturen kjem sjeldan over frysepunktet. Det vert ofte palandsvind med pafølgjande take og skyar pa kysten. Omrade som er skjerma fra havet kan fa ganske fine temperaturar pa sommarstid i midnattssola , og temperaturar opp mot 20 °C er ikkje uvanleg her.

Næringsliv [ endre | endre wikiteksten ]

Oljeboring

Noreg, USA [1] og Russland har opna for oljeboring, per 2018. Ingen utvinning av olje eller gass skjer (per 2018) i arktisk Canada.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Nicolai Eriksen Nicolai Eriksen (4. januar 2018). ≪USA med sjokk-kunngjøring: Vil apne opp for oljeleting i et omrade større enn hele Norge≫ .  

≪Arktis ? klima≫ av Petter Dannevig i Store norske leksikon , snl.no.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Arktis