한국   대만   중국   일본 
Arkar ? Wikipedia Hopp til innhald

Arkar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Arkar
Systematikk
Domene: Arkar Archaea
Woese , Kandler & Wheelis , 2024
Sulfolobus som er infisert med eit STSV-1- virus .

Arkar ( Archaea , etter gresk αρχα?α, ≪gamle ting≫) er ei stor gruppe levande organismar . Dei er mikroskopisk sma, ofte eincella og med enkel, prokaryot cellestruktur. Dei delar trekk bade med bakteriar og med eukaryotar og vert difor klassifisert som noko anna enn dei begge.

Arkar finst i mange ulike miljø, og det er stort mangfald bade i morfologi og fysiologi innanfor gruppa. Dei har større formvariasjon enn bakteriar; bade flate firkanta og trekanta celler er observert. Ein finn dei og i større grad i ekstreme miljø som varme kjelder, men dei er og vanlege i vanleg jord. Dei er derimot umoglege a skilja fra bakteriar utan biokjemiske og/eller genetiske arbeidsmetodar.

Tidlegare brukte ein namnet arkebakteriar om arkane, men sidan dei eigentleg ikkje er bakteriar har ein i stor grad gatt vekk fra dette namnet.

Biokjemi [ endre | endre wikiteksten ]

Figur som samanliknar cellemembranar i arkar (øvst) med dei ein finn i bakteriar og eukaryotar (i midten). Nedst ser me det doble fosfolipidlaget i bakteriar, eukaryotar og dei fleste arkane samanlikna med lipidane me finn i somme arkar.

Cellevegg [ endre | endre wikiteksten ]

Ein hovudskilnad pa bakteriar og arkar er at arkane manglar peptidoglykan i celleveggen . I staden har somme av dei eit stoff som kallast pseudopeptidoglykan og bestar av sukkerartane N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetyltalosaminuronsyre (NAT) med sidekjeder av L- aminosyrer . Ein annan cellevegg-type ein finn i arkar er det sakalla S-laget , eit lag proteinøse sub-einingar i kontakt med cellemembranen . Celleveggskilnadane fører til at antibakterielle middel som lysozym og penicillin ikkje bit pa dei.

Cellemembran [ endre | endre wikiteksten ]

Cellemembranane til Archaea bestar, som alle cellemembranar, av alkoholen glyserol og feittsyrer . Hja arkane er desse bundne til kvarandre med eterbinding , der bakteriar og eukaryotar har esterbinding . Feittsyrene hja arkar er dessutan ofte greina, noko ein aldri ser elles.

Økologi [ endre | endre wikiteksten ]

Arkar er særs mangfaldige nar det kjem til ulike former for stoffskifte og næringsopptak. Det er kjend bade aerobe og anaerobe former, som bade kan vera autotrofar og heterotrofar . Dei utgjer ofte ein særs stor del av mikrofloraen i ekstreme miljø, som i varme kjelder, saltsjøar, Antarktis med fleire. Ein rekna lenge med at arkane fanst i desse miljøa fordi dei var blitt utkonkurrerte fra dei ≪vanlege≫ habitata, men nyare studium har vist at dei finst i store mengder og i havet og under ≪konvensjonelle≫ tilhøve pa land. Desse er derimot særs vanskelege a dyrka i kultur, og ein veit lite om dei.

Somme arkar, som Methanococcus og Methanobacterium er som dei einaste organismane i verda i stand til a danna metan fra enkle karbonsambindingar som karbondioksid og metanol . Dei slepp ut metanet som eit biprodukt av metabolismereaksjonane sine.

Evolusjon [ endre | endre wikiteksten ]

Eit fylogenetisk tre som syner den vanlegaste oppfatninga av slektskapet mellom arkar, bakteriar og eukaryotar

Carl Woese meinte at bakteriane, arkane og eukaryotane kvar representerte tidlege avgreiningar i livets tre, tre grupper som alle stamma fra ei opphavleg progenot med darleg utvikla genetisk maskineri. Seinare tok han til a handsama desse gruppene formelt som biologiske domene ; den høgaste taksonomiske eininga i biologien. Denne delinga er særs populær i dag, sjølv om progenot-teorien ikkje har generell støtte.

Somme bioloar hevdar at arkane og eukaryotane stammar fra spesialiserte bakteriar. Analysar av ribosomalt RNA syner at eukaryotar og arkar skilde lag pa eit seinare tidspunkt enn det arkar og bakteriar gjorde. Andre genomiske undersøkingar har vist det motsette, at arkane og bakteriane er nærare kvarandre.

Bernt Walther har foreslatt at eukaryotane oppstod som eit mutualistisk tilhøve mellom arkar og bakteriar, kor arkane har utvikla seg til cellekjerna og invadert ei bakteriecelle. Han meiner vidare at desse organismegruppene har gjeve opphav til høvesvis sæd- og eggceller, og saleis at sex og eukaryotar oppstod om lag samstundes.

Fylogeni [ endre | endre wikiteksten ]

Igjen basert pa ribosomalt RNA har ein delt arkane inn i to hovudgrupper, Euryarchaeota og Crenarchaeota . Fleire grupper er foreslatt, utan at dei har vunne innpass enno sidan ingen av medlemmane i desse gruppene har vorte dyrka enno. Eit unnatak er arten Nanoarchaeum equitans , som plasserast i den nye gruppa Nanoarchaeota .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]