한국   대만   중국   일본 
Angouleme ? Wikipedia Hopp til innhald

Angouleme

Koordinatar : 45°39′00″N 00°09′37″E  /  45.65000°N 0.16028°E  / 45.65000; 0.16028
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Angouleme
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Charente
Geografi
Flatevidd 21,85 km²
Flatevidd
 - By

21,85 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

43 171
  1 976/km²
Koordinatar 45°39′00″N 00°09′37″E  /  45.65000°N 0.16028°E  / 45.65000; 0.16028
Høgd over havet 100 m
Tidssone CET ( UTC +1)
Diverse anna
Heimeside: www.angouleme.fr

Angouleme er ein by og kommune sørvest i Frankrike . Han er prefecture (hovudstad) i departementet Charente .

Geograpfi [ endre | endre wikiteksten ]

Angouleme ligg 134 km nordaust for Bordeaux langs jernbanen mellom Bordeaux og Poitier .

Sjølve byen ligg pa ei høgd, med elva Charente nord for seg, og elva Anguienne i sør og vest. Dei viktigare forstadane ligg mot aust.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Cathedrale Saint-Pierre d'Angouleme

Angouleme ( Iculisma eller Ecolisna , seinare Angoulesme ) vart erobra av Clovis fra vestgotarane i 507 , og plyndra av normannarane pa 800-talet .

I 1360 vart han gjeve til engelskmenna etter Freden i Bretigny , men dei vart drive bort i 1373 av troppane til Karl V , som gav byen mange privilegium. Byen leid stort under hugenottkrigen , særleg i 1568 da han vart erobra av protestantar under Gaspard de Coligny .

Grevskapet Angouleme gar tilbake til 800-talet, og den viktigaste av dei tidlege grevane var William Taillefer. Etterkomarane hans hadde denne tittelen til slutten av 1100-talet. Tittelen vart teke fra dei av Rikard Løvehjarta , og gjekk vidare til Kong Johan av England da han gifta seg med Isabel , dottera til grev Adhemar . I 1220 gifta ho seg med Hugo X , som gav det til Lusignan-familien , grevar av Marche . Da Hugo XIII døydde i 1302 gjekk eigedomane hans til krona. I 1394 gjekk grevskapet over til huset Orleans . Eit medlem av huset, Frans I vart konge av Frankrike i 1515 , og heva graden til hertugdøme for mora Louise av Savoy . Hertugdømet, som høyrte til krona, vart sa halde av Karl av Valois , son av Karl IX . Den siste hertugen var Louis-Antoine , den eldste sonen til Karl X , som døydde i 1844 .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]