Amedeo Modigliani

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Amedeo Modigliani

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 12. juli 1884
Livorno
Død

24. januar 1920 (35 ar)
Paris

Yrke kunstmalar , bilethoggar , teiknar
Sjanger portrettmaleri , figure , sjangerkunst , landskapsmaleri , portrett , akt
Born Jeanne Modigliani
Signatur
Amedeo Modigliani pa Commons

Amedeo Modigliani (fødd  12. juli   1884  i Livorno i Italia , død  24. januar   1920  i Paris i Frankrike ) var ein italiensk kunstmalar , skulptør og teiknar .

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

'Sitjande akt (1917). Koninklijk Museum voor Schone Kunsten i Antwerpen .
Steinhovud laga av Modigliani

Modigliani var fødd i Livorno. Heimbyen hadde ein stor jødisk folkesetnad, og han vart fødd inn i ein velstaande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar .

I 1895 vart han ramma av lungebetennelse og nokre ar seinare fekk han tyfus etterfølgd av lungebetennelse. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for a byrje a male, og mor hans ordna det slik at han fekk studere hos landskapsmalaren Guglielmo Micheli i Livorno.

Modigliani studerte sidan ved kunstakademiet i Venezia og Firenze og kom i 1906 til Paris . Utan a slutte seg til spesiell gruppe eller rørsle tok Modigliani det han ville fra Toulouse-Lautrecs og Cezannes malingar, den afrikanske skulpturen, fauvistane , kubismen og andre eksperimentelle malarstykke av Pablo Picasso og Georges Braque . Desto meir avgjerande var møtet med den rumenske skulptøren Constantin Brancusi ; mellom 1910 og 1913 la han all sin energi pa bilethogginga.

Da Modigliani, allereie svekt av sjukdom, vart tvinga til a slutte pa grunn av at meiselstøvet trengde ned i lungene, utnytta han manga av skulpturen sine effektar i portretta sine og i nakenstudia, framfor alt det karakteristisk forlengde hovudet, den lange, opphøgde naseryggen og den lange halsen.

I juli 1917 møtte han kvinna i sitt liv - den unge kunststudenten Jeanne Hebuterne (fødd 6. april 1898). Dei flytta saman og 29. november 1918 vart dottera Jeanne fødd. I januar 1920 vart Modigliani sjuk, med nyrebetennelse og tuberkuløs meningitt, og han vart innlagd pa Hopital de la Charite i Paris, der han døydde natta mellom den 24. og 25. januar 1920. Eit par dagar seinare gjorde Jeanne (som var gravid i niande manaden) sjølvmord gjennom a kaste seg ut fra eit vindauge i sjette høgda.

Myten om Modigliani som en ≪Montparnasseeksentrikar≫ - stilig, fattig, stolt og dopa eller full - vart skapt av forfattarvennene hans, særskilt etter hans bortgang berre 35 ar gammal. Myten gløymer den intensive konsentrasjonen om malinga dei siste ara av livet hans.

Modigliani ligg gravlagd pa Pere Lachaise i Paris, der Jeanne Hebuterne au kviler. Dotter deira vart teken hand om av Modiglianis syster i Firenze. Som vaksen skreiv ho ein biografi om far sin - ≪Modigliani, mannen og myten≫. Det vart au laga ein film om livet hans, ≪Montparnasse 19≫ fra 1957 med Gerard Philipe i hovudrolla.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amedeo Modigliani