한국   대만   중국   일본 
Alzheimers sjukdom ? Wikipedia Hopp til innhald

Alzheimers sjukdom

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Alzheimers sjukdom

Auguste D., den første pasienten med sjukdommen som Alois Alzheimer skildra.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode: 331.0 , 290.1
ICD-10-kode: G30 , F00
OMIM 104300
DiseasesDB 490
MedlinePlus 000760
eMedicine neuro/13
MeSH D000544
MeSH D000544

Alzheimers sjukdom , Alzheimers demens eller berre Alzheimer(s) er ein hjernesjukdom som er blant dei vanlegaste grunnane til utvikling av demens . Sjukdommen medfører at nerveceller i hjernebarken og djupare delar av hjernen endrar seg og døyr. Dette fører til hjerneatrofri , at hjernen blir mindre, og pasienten vil gradvis fa stadig meir nedsett kognisjon , til dømes sviktande minne og andre kognitive evner, som tap av gjenkjenningseven, rørsleevne eller sprak. Demens kan ha ulike arsaker, men ved Alzheimer vil sjukdomsforløpet medføra ei gradvis forverring.

Samanlikning av ein normalt aldra hjerne (venstre) og hjernen til ein Alzheimer-pasient (høgre). Forskjellane er markert.

Sjukdomsforløpet tek fleire ar, men vil til slutt føra til at pasienten blir pleietrengande og til sist døyr. Typisk vil ein pasient leva 4-10 ar fra ein stiller diagnosen , men dette kan variera.

Ein har større sjanse for a utvikla Alzheimer med alderen, men sjukdommen kan ogsa debutera tidleg i livet. Alzheimers sjukdom raker rundt 3 % av alle over 65 ar, og 12?15 % av alle som er over 80.

Førebygging og behandling [ endre | endre wikiteksten ]

Medisinen har ikkje funne solide førebyggjande tiltak eller behandlingsmatar for Alzheimers sjukdom. Diabetes , høgt blodtrykk , høgt blodkolesterol og røyking er knytt til høgare risiko for a utvikla sjukdommen, medan ein livsstil som er sunn for hjarte og blodkar er knytt til lagare risiko. Bruk av hjernen til intellektuelle oppgaver som lesing , brettspel , kryssord , sosial omgang eller a spela musikkinstrument medfører ogsa lagare risiko. Ogsa nokre medikament, som betennelsesdempande middel og østrogentilskot for kvinner, kan redusera risikoen, men truleg berre ved a utsetja utviklinga av han.

Visse medikament kan redusera symptom pa sjukdommen. Ved a hemma nedbrytinga av acetylkolin blir meir av dette stoffet tilgjengeleg for pasienten, og funksjonar som bruker denne transmittoren kan betrast. Tilstanden kan ogsa betrast ved ulike tiltak i dagleglivet og gjennom a la pasientar fa variert stimulering.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

≪Alzheimers sykdom≫ i Store norske leksikon , snl.no.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Alzheimers sjukdom