Alpehorn

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Alpehorn

Klassifisering Langt, bøygt treblaseinstrument med munnstykke pa enden, naturhorn
Hornbostel-Sachs klassifisering 423.121.12, 423.121.22
Alpehornkonzert i Vals GR .
D' Dieß'ner alpheornspelarar.

Alpehorn er eit blaseinstrument som stammar fra 1300-talet og som opphavleg vart nytta av gjetarar i Alpane til a kommunisera over lange avstanadar. Det er mest utbreidd i Sveits , men ein finn og alpehorn i Frankrike , Austerrike , Oilen og Romania . Alpehorn vart og kalla ≪Waldhorn≫ (skogshorn) ≪Wurzelhorn≫ (rothorn) og ≪Stockbuschel≫ (stavbunt). [1]

Oppbygging [ endre | endre wikiteksten ]

Lyden vert generert av ei svingande luftsøyle, sa alpehorn er eit aerofoninstrument . Alpehorn har korkje tunge, ventilar eller klaffar, sa blasaren ma generera dei ulike tonane med munnen. Lyden inneheld grunntonen som blasaren genererer og overharmoniske frekvensar.

Hornet fungerer som ein akustisk transformator , som aukar stralingsimpedansen i halsen pa hornet til ein mykje høgare verdi enn i munningen. Dette fører til at verkningsgraden aukar og utstrala akustisk effekt aukar. Den nedre grensefrekvensen til eit horn er invers proporsjonal med kor snøgt arealet pa bølgjefronten utvidar seg. [2] For a fa ein lag nedre grensefrekvens ma difor arealet av tverrsnittet til hornet utvida seg sakte, noko som fører til at det vert langt. Til lagare frekvens lyden har til større avstand kan den høyrast pa. Etter som alpehorna vart nytta for a kommunisera over store avstandar ma dei spela lage tonar og vert difor lange. Ei vanleg lengd er 3,5 m, men det finst mykje lengre alpehorn. Rekorden er pa 47 m. [3]

Nar hornet vert spela ved eit vatn vil lydbølgjene fylja vassflata og høyrast pa avstandar opp til 10 km. Naturformasjonar som tronge dalar med fjell pa sidene kan og føra til at lyden kan høyrast pa stor avstand.

Alpehorn vert som oftast laga av gran , men furu vert og nytta. Den tradisjonelle maten var a nytta ei gran med ein krok ved rota, som ein helst finn i skraningar. Treet vart sa delt i to pa langs, uthola, og sett saman att. For a fa ein lufttett skøyt vert det nytta voks eller harpiks. Tidlegare vart dei to delane heldt saman med røter, noko som har gjeve opphav til nemninga ≪Wurzelhorn≫ (rothorn).

For a fa meir rasjonell produksjon vert dei fleste moderne alpehorna laga av tre delar. Den rette delen vert framleis kløyvd i to, fresa ut maskinelt, og lima saman med moderne lim. Den krumme munningsdelen vert laga separat og sett pa i etterkant.

Opphav [ endre | endre wikiteksten ]

Det tykkjest vara semje om at alpehornet er svært gamalt [1] og truleg har det utvikla seg gradvis over ein lang tidsbolk. Eit altarbilete i eit kapell i Oberstdorf i Bayern syner alpehornspelarar i bakgrunnen. [4] Pa eit av maleria til den tyske malaren Martin Schongauer (1445/50?1491) er det to gjetarar med kvart sitt alpehorn. [1]

Utbreiing og bruk [ endre | endre wikiteksten ]

I tidlegare tider var alpehorn i bruk fleire fjellbygder, der det vart nytta for a kommunisera over store avstandar [5] [6] og for a kalla heim kyrne. [7] Etter som moderne kommunikasjonsmiddel tok over vart det slutt pa a nytta alpehorn og pa mage stadar kom det heilt bort. I seinare tid har interressa for a ta vare pa alpehornet og tradisjonane rundt det auka og entusiastar har teke til a spela alpehorm pa nytt. [4]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hassler, H., Alphorn im Wandel der Zeit Arkivert 2005-03-06 ved Wayback Machine ., Allgaeuseite.de. (vitja 16/3-2008)
  2. Kinsler, L.E., Frey, A.R., Coopers, A.B. og Sanders, J.V., Fundamentals of acoustics , John Wiley & Sons, 1982.
  3. Das Alpenhorn - Traditionelles Schweizer Blasinstrument (vitja 16/3-2008)
  4. 4,0 4,1 Hirteninstrument - Vor 50 Jahren kehrte das Alphorn ins Allgau zuruck , Welt Online, 9/3-2008
  5. Das Allgauer Alphorn und seine Geschichte , Holderberger Alp-Traum-Blaser. (vitja 16/3-2008)
  6. Alphorn gehort in die Berge und nicht auf große Buhnen Arkivert 2009-04-01 ved Wayback Machine ., all-in.de. (vitja 16/3-2008)
  7. Nendaz, La capitale du cor des Alpes [ daud lenkje ] , Festival International 7-8 aout - Stages d'initiation - Atelier de fabrication

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Alpehorn