한국   대만   중국   일본 
≪Alexander L. Kielland≫-ulukka ? Wikipedia Hopp til innhald

≪Alexander L. Kielland≫-ulukka

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Del av eit av staga som brakk under ulukka. Denne er utstilt pa Norsk Oljemuseum .
Foto: Jarle Vines

Alexander L. Kielland-ulukka var ei ulukke som hende 27. mars 1980 da flotellet ≪Alexander L. Kielland≫ velta ute i Nordsjøen . 123 av dei 212 som var om bord pa plattforma døydde under ulukka. Fra sommaren 1979 hadde ≪Alexander L. Kielland≫ vore forankra like ved Edda-plattforma Edda 2/7 C pa Eddafeltet sør for Ekofisk -senteret.

Forløp [ endre | endre wikiteksten ]

Kring klokka 18.30 om kvelden kunne dei som var om bord høyra nokre kraftige lydar fra understellet pa plattforma. Like etter velta heile plattforma. Bølgjehøgda var pa 8–10 meter , og det var sterk storm med orkan i vindkasta. Plattforma, som opphavleg var bygd for a tola bølgjer opp til 30 meter, krenga kraftig. Krenginga var opp til 40° – pa kort tid. Berre 20 minutt etter at ein hadde høyrd dei første lydane, lag plattforma opp ned i det iskalde vatnet. Mange av arbeidarane var framleis inne i sjølve plattforma, bade i middagssalen og i dei to kinosalane .

Telegrafisten rakk a senda ei kort naudmelding før han sjølv sprang til ein av livbatane . Fra livbaten tok han, ved hjelp av ein VHF -sendar, kontakt med produksjonsplattforma Edda, og fekk veta at redningsaksjonen allereie var sett i gang. Gangbrua mellom ≪Edda≫ og ≪Alexander L. Kielland≫ var tidlegare pa kvelden teken vekk, noko som var vanleg i darleg ver, og da var det lite til hjelp at ≪Edda≫ lag berre 100 meter unna da ulukka fann stad.

Ulukka skjedde sa snøgt at fa greidde a fa pa seg redningsvest eller overlevingsdrakt . Nokre prøvde a na livbatane , men mange fall – eller hoppa av fri vilje – ned i det iskalde vatnet. Mannskapet pa ≪Edda≫ stod hjelpelause og sag pa det som hende.

Arsak [ endre | endre wikiteksten ]

Rett etter ulykka skjøna ein ikkje kvifor plattforma hadde velta. Det var først etter at delar av plattforma hadde vorte undersøkt pa land at ein kunne danna seg eit bilete av kva som faktisk hadde vore arsak til ulukka.

Eitt av staga som heldt D-leggen pa plass (ei av dei fem stalsøylene med pontongar nedst, som plattforma flaut pa) hadde knekt pa grunn av ein sprekk. Sprekken var truleg eit resultat av for darleg arbeid ved verftet i Dunkerque i Frankrike , der ≪Alexander L. Kielland≫ vart bygd i 1976 . Denne sprekken vart ikkje oppdaga før plattforma vart teken i bruk, og utvikla seg slik over tid. Ved ulykkestidspunktet hadde sprekken spreidd seg til 2/3 av staget, slik at det knekte og trykket pa dei andre staga som heldt D-leggen oppe vart for stort.

Sjølv med berre 4 av 5 heile leggar a sta pa, skulle plattforma i teorien takla bølgjehøgder høgare enn det var den kvelden. Trass i dette vart det 51 meter høge og 200 tonn tunge boretarnet , og det fire etasjar høge ≪ hotellet ≫ i tillegg til vindkasta, for mykje a halda oppe. Slik byrja plattforma a velta mot den sida der D-leggen opphavleg hadde vore.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]