한국   대만   중국   일본 
Aleksandr Samsonov ? Wikipedia Hopp til innhald

Aleksandr Samsonov

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Aleksandr Samsonov

Fødd 2. november (juliansk), 14. november (gregoriansk) 1859
Fødestad Andrijivka
Død 17. august (juliansk), 30. august 1914 (greg.)
Dødsstad Wielbark
Andre namn Александр Васильевич Самсонов
Rang kavalerigeneral
Eining Den keiserlige russiske hær
Konfliktar den fyrste verdskrigen

Aleksandr Vasiljevitsj Samsonov ( 14. november 1859 30. august 1914 ) var ein russisk general som deltok i Den russisk-japanske krigen og i innleiinga til første verdskrigen .

Samsonov vart offiser 18 ar gammal som kornett i kavaleriet i Den keisarlege russiske hæren i 1877 og generalløytnant i 1904. Under Den russisken-japanske krigen hadde han kommandoen over den sibirske kosakkstyrken.

I ara 1905-1907 var han var han stabssjef ved Warszawa militærdistrikt, og han vart i 1907 general og sjef for den donske kosakkarmeen.

I 1909 til 1914 var han generalguvernør i Turkestan. Da første verdskrig braut ut fekk han kommandoen over den andre Narev-armeen, som 24. august 1914 rykte inn i det sørlege Austpreussen fra Polen.

Det russiske angrepet var planlagd som ein knipetangsmanøver, med framrykking pa kvar side av Dei masuriske sjøane. Dette sjølandskapet vart vurdert som vanskeleg a trenga igjennom, i og med at sjøane var skilt av berre smale tangar og omradet var tungt forskansa av tyskarane. Den 1. russiske armeen under Paul von Rennenkampf skulle invadera Austpreussen nord for sjøane, medan 2. arme under Samsonov skulle ga inn sørvest for dei. Planen var at dei skulle møtast bak den 8. armeen til tyskarane, og deretter utsletta den.

Det darlege sambandet mellom dei to russiske armeane førte til at dei rykka fram i eit ulikt tempo og Samsonov gjekk inn i ei felle. Under slaga ved Tannenberg 24.?31. august vart Samsonovs 2. arme omringa av den tyske Attande armeen under leiing av Paul von Hindenburg og lei eit knusande nederlag. Som følgje av denne katastrofen skaut Samsonov seg natta til 30. august i nærleiken av Neidenburg i Austpreussen, i dagens polske Ermelandskmasuriske voivodskap .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]