Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Aleksandr Sergejevitsj Dargomyzjskij
(
14. februar
1813
–
17. januar
1869
) var ein russisk
komponist
under
romantikken
.
Dargomyzjskij blei fødd i landsbyen
Dargomyzjskij
i
Tula oblast
, men familien flytte til
St. Petersburg
i 1817. Her fekk han musikkutdanninga si, først av ei tysk guvernante, deretter av ein musikklærar ved namn Danilevski og endeleg av Franz Schoberlechner, ein elev av
Johann Nepomuk Hummel
. I yrkesval følgde han i faren sine fotspor og blei statstenestemann hausten 1827. Som sa mange andre unge menn av same sosiale stand sag han pa musikk som ein fritidsaktivitet, og fekk inga
musikkteoretisk
utdanning.
Vinteren 1833-1834 blei han kjend med
Mikhail Glinka
som lante han eit notehefte med
generalbass
- og
kontrapunktøvingar
som Glinka sjølv hadde nytta mens han studerte med
Siegfried Dehn
. Dargomyzjskij og Glinka spelte klaverduoar, organiserte konsertar og analyserte symfoniane til
Ludwig van Beethoven
og
ouverturane
til
Felix Mendelssohn
. Dargomyzjskij valde a følgje læraren sitt døme og komponere ein komplett opera. Han var beundra og fransk litteratur og sa den første operaen,
Esmeralda
, var ei tonesetting av
Victor Hugo
sin historiske roman
Ringaren i Notre Dame
. Pa den tida var russisk opera dominert av italienske verk og Dargomyzjskij matte vente til 1847 med a fa den oppsett pa operaen i Moskva. Oppsettinga vekte heller liten entusiasme, sa først i 1851 kom den opp pa
Mariinskij-teateret
i
St. Petersburg
.
I 1843 slutta Dargomyzjskij som statstenestemann for a satse pa musikk og i september 1844 gav han seg ut pa ei reise utanlands. Pa same mate som Glinka ti ar før var det utanfor Russland han oppdaga kva skattar som gøymde seg i hans heimlege kultur. Han studerte russiske folkesongar og nytta lærdommen til a skrive operaen
Rusalka
, etter et verk av
Aleksandr Pusjkin
. Den stod ferdig i 1855. Eit tredje sceneverk var ballettkantaten
Bacchusfesten
som han fullførte i 1848, men som ikkje blei oppført før i 1867 i Moskva.
Dargomyzjskij døydde 17. januar 1869 i St. Petersburg og etterlet seg ein uferdig opera som to av dei mest evnerike yngre komponistane i Russland fullførte;
Nikolaj Rimskij-Korsakov
og
Cesar Cui
.
Med rette kan ein seie at Dargomyzjskij er ein av dei mest framstaande representantane for den nasjonale russiske operaen. Han skreiv orkesterverk, operaer og songar med i ein utprega nasjonal og realistisk karakter.
- Esmeralda, opera, 1839
- Russalka, opera, 1855
- Bacchusfesten, kantate, 1848
- Bolero, for orkester, 1839
- Fantasi-scherzo ≪Baba-Jaga≫, for orkester, 1862
- Kviterussisk kosakkdans, for orkester, 1864
- Fantasi etter finske temaer, for orkester, 1867
- Der steinerne Gast, Oper, unvollendet,1868-69, vollendet von Cui und Rimski-Korsakow, Urauffuhrung 28. Februar 1872 in St. Petersburg
- Ei rekke songar
- Mindre klaverstykke og variasjonsverk