한국   대만   중국   일본 
Alan White i Yes ? Wikipedia Hopp til innhald

Alan White i Yes

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Alan White

Fødd 14. juni 1949 (74 ar)
Fødestad Ferryhill
Dødsstad Seattle
Opphav Ferryhill i County Durham i England
Aktiv 1967 til i dag
Sjanger Progressiv rock , poprock , hardrock
Instrument Trommer , perkusjon , piano
Tilknytte artistar Yes , Circa , White , The Syn , Plastic Ono Band
Plateselskap Atlantic
Verka som Musikar

Alan White ( fødd  14. juni   1949 ) er ein engelsk trommeslagar, kjend for arbeidet sitt i progrockbandet Yes . White var og medlem av Plastic Ono Band , og spelte pa konserten med bandet i 1969 i Toronto Rock and Roll Revival , som vart spelt inn og gjeven ut tre manader seinare som Live Peace in Toronto 1969 . I alt har White spelt pa over femti album med artistar som John Lennon , George Harrison , Joe Cocker , Ginger Baker og The Ventures . [1]

White byrja som seksaring a spele piano , og bytte seinare til trommar og spelte offentleg for første gongen som 13-aring. Pa 1960-talet spelte han i mange band, og vart ofte brukt som studiomusikar . Den første smaken hans av suksess kom i 1967 saman med The Alan Price Set , og i 1968 da han vart med i Ginger Baker's Airforce .

Gjennombrot [ endre | endre wikiteksten ]

Det store gjennombrotet kom da han i 1969 vart kontakta per telefon av John Lennon som ville ha han med i Plastic Ono Band . White trudde først at det var ein ≪tulle-telefon≫, men Lennon forklarte at dette faktisk var sant. Konserten Live Peace in Toronto vart spelt inn og utgjeven same ar.

Han spelte og trommar pa albumet John Lennon/Plastic Ono Band i 1970, og seinare same ar vart George Harrison gjort merksam pa talentet til White, og fekk han med pa albumet sitt All Things Must Pass . Han spelte og pa soloalbumet til Lennon Imagine og singelen ≪Instant Karma≫ i 1971.

Trommeslagar i Yes [ endre | endre wikiteksten ]

I 1972 , medan White var med Joe Cocker pa turne, fekk han ein invitasjon fra Yes om a erstatte Bill Bruford , som nettopp hadde forlate bandet til fordel for King Crimson . Berre tre dagar etter det første møtet hans med Jon Anderson og Chris Squire , spelte han pa den første Yes-konserten sin. Det som er imponerande med dette er at han lærde seg dei viktigaste latane til Yes, inkludert det komplekse albumet Close to the Edge , pa den korte tida. White og Yes gav kvarandre ein frist pa tre manader for a finne ut om dei passa saman, og White har vore medlem av bandet sidan da.

Prosjekt utanfor Yes [ endre | endre wikiteksten ]

Alan White gav ut sitt hittil einaste soloalbum, Ramshackled , i 1976. I tillegg til trommer, er White god pa piano og, og har bidrege fleire gonger til komponering av Yes-latar. For tida bur han i Seattle i USA der han har hatt fleire prosjekt pa gang, blant anna banda White og Circa: . Han spelte pa første albumet til Circa: før han slutta i bandet.

Turnear og nytt album med Yes [ endre | endre wikiteksten ]

Fra hausten 2008 til februar 2009 var White oppteken med turneen In the Present saman med Yes. Denne turneen vart etter to manader avlyst pa grunn av at Chris Squire vart innlagd pa sjukehus, og vart operert i ein fot. White medverka pa ein konsert til minne om John Lennon den 18. april 2009 saman med blant andre ein friskmeld Squire. White var i store delar av 2009 og 2010 pa turne saman med Yes. Hausten 2010 gjekk han og resten av bandet i platestudio for a spele inn latar til det nye albumet Fly from Here . Albumet vart produsert av Trevor Horn , og vart utgjeve sommaren 2011. [2]

Diskografi [ endre | endre wikiteksten ]

Solo [ endre | endre wikiteksten ]

Med The Alan Price Set [ endre | endre wikiteksten ]

  • A Price on His Head (1967)
  • The Amazing Alan Price ( EP ), (1967)
  • This Price is Right , (1968)

Med John Lennon and The Plastic Ono Band [ endre | endre wikiteksten ]

Med Yes [ endre | endre wikiteksten ]

Med White [ endre | endre wikiteksten ]

  • White (2006)

Med The Syn [ endre | endre wikiteksten ]

  • Armistice Day (2006/07)

Med Circa [ endre | endre wikiteksten ]

  • Circa: 2007
  • Circa: Live (CD et DVD) (2008)

Med Tony Levin og David Torn [ endre | endre wikiteksten ]

  • Levin/Torn/White (2011)

Gjestemusikar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Denne artikkelen bygger pa ≪ Alan White ≫ fra Wikipedia pa bokmal , den 27. juli 2012.
    • Wikipedia pa bokmal oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]