Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Akihito av Japan
(
fødd
23. desember
1933
) var
keisar av Japan
fra 1989 til 2019. Han kom pa trona den
7. januar
1989
, da faren Hirohito døydde. Kroninga fann stad den 10. november 1990. Akihito sin fødselsdag vart fra 1989 feira som offisiell
nasjonaldag
i
Japan
.
Akihito sitt offisielle keisarnamn er Heisei. I Japan blir keisaren
aldri nemnd med namn
, men omtalt som
tenn? heika
eller berre
heika
, (天皇陛下, 'Hans Majestet Keisaren').
Akihito er son av keisar
Hirohito
og
keisarinne K?jun
. Han var det femte barnet deira, men den eldste sonen.
Akihito vart gift med
Michiko Shoda
den 10. april 1959. Saman er dei foreldra til:
- Naruhito av Japan
(fødd 23. februar 1960; gift med
Masako av Japan
- ei dotter)
- prins
Fumihito av Japan
(fødd 30. november 1965; gift med
Kiko Kawashima
- to døtrer)
- Sayako Kuroda
(fødd 18. april 1969; gift i november 2005 med
Yoshiki Kuroda
)
Som far sin har keisar Akihito interessert seg for
marinbiologi
. Han har publisert fleire artiklar om fisketaksonomi knytt til
familien
Gobiidae
i tidsskrifta
Gene
og
Japanese Journal of Ichthyology
.
[1]
I 2005 fekk ein fisk i denne familien et vitskaplege namnet
Exyrias akihito
etter han.
Keisaren har ogsa skrive artiklar om vitskapshistorie under
Edotida
og
Meijirestaurasjonen
som blei publiserte i
Science
[2]
og
Nature
.
[3]
Keisaren er medlem i det iktyologiske selskapet i Japan og æresmedlem ved
Linnean Society of London
og
Zoological Society of London
. I 2007 fekk han ein æresgrad ved
Universitetet i Uppsala
.
Keisaren har motteke ei rekkje ordenar, bade fra Japan, som
Krysantemumordenen
,
Oppstigande sol-ordenen
og
Den heilage skatt-ordenen
, og fra mange andre land. Mellom ordnane er og
St. Olavs Orden
sitt Storkors med kjede, tildelt i 2001.
- Fotnotar