한국   대만   중국   일본 
Afrodisiakum ? Wikipedia Hopp til innhald

Afrodisiakum

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Afrodisiakum er ein ingrediens, eit preparat eller krydder som skal auka kjønnsdrifta , lysta eller evna til sex . [1] [2] Namnet tyder 'som gjeld elskhug', [3] og er knytt til den greske gudinna Afrodite , som mellom anna representerte den fysiske sida av kjærleiken . Ein har nytta ei rekkje ulike stoff, som plantedelar, dyreprodukt, drikke, rusmiddel og meir lækjemiddelaktige stoff som afrodisiakum. [1] For a reknast som afrodisiakum, ma stoffet ha verknad for begge kjønn.

Historisk har mange krydder blitt tillagt slike eigenskapar. Det same gjelder grønsaker, frukter og andre matvarer som likner pa kjønnsorgan , som gulrot , asparges , agurk og andre fallosformer , som nashornhorn , og planter, røter og anna som likner vulva , eller ≪sanselege≫ frukter som kirsebær . Ifølgje folketrua finst det ein plantar som skal ha effekt. Ogsa kombinasjonar som østers og champagne blir hevda a fremja lyst. Eventuelle verknader kjem som regel av ein placeboeffekt , det vil seia sjølvsuggesjon og innbilling. Stoff det er funne dokumentert effekt fra er visse legemiddel, som kjønnshormon . [1] Nokre rusmiddel, som cannabis , amfetamin og kokain , kan ha ein effekt i sma dosar, men desse og andre medikament ein har brukt som afrodisiakum, som stryknin og spansk fluge , kan medføra helseskader. [1]

Ordet er ei latinisert form av det greske afrodisiakos , ≪a vekka seksuelt attra≫, igjen fra Afrodisios, ≪heilagt for Afrodite≫. Namnet pa den greske gudinna for kjærleik og venleik, Afrodite , tyder ≪seksuell glede≫. [4]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Grunfeld, Berthold (27. januar 2023). ≪afrodisiaka≫ . Store medisinske leksikon (pa norsk).  
  2. ≪Afrodisiakum≫ i Det Norske Akademis ordbok
  3. ≪afrodisiakum≫ i Nynorskordboka .
  4. ≪aphrodisiac (n.)≫ , Online Etymology Dictionary
Litteratur
  • Frobose, Gabriele; Frobose, Rolf; Gross, Michael (overs.) (2006): Lust and Love: Is it more than Chemistry? Royal Society of Chemistry, ISBN 0-85404-867-7 .