Afghansk middagsrettar med eit fat
tandoorikylling
fremst.
Afghansk mat
byggjer pa dei ulike ravarene ein produserer i landet og pa impulsar fra Aust-, Vest-,
Sentral-
og
Sør-Asia
og
middelhavslanda
. Matlaginga er prega av dei mange ulike folkeslaga som har fare gjennom landet og slatt seg ned der, og dei ulike afghanske folkeslaga har kvar sine mattradisjonar.
Ris
,
kveite
, bygg og mais er lokale kornprodukt som dannar basismat i dei fleste maltid, anten kokt aleine eller i ein rett, bakt til flate
brød
eller som
pasta
. Dyreprodukt som
jogurt
,
ost
,
myse
og kjøt fra høns, sau, geit og storfe, eit vidt utval av grønsaker, frukt og nøtter er ogsa viktige delar.
[1]
Afghansk middag servert til amerikansk militærpersonell i Helmand-provinsen. Maltidet er plassert pa ein
dastarkhan
, og gjestene sit pa golvet.
Utdandørs festmaltid med varmrettar, grønsaker og frukt ved ei bruopning i Kunar i 2009.
I
Afghanistan
et ein tradisjonelt maltid oppa fine teppe pa golvet, eller utandørs i varmt ver. Om vinteren kan ein ogsa samlast rundt eit oppvarma bord kalla
sandali
. Maltidet blir dekt opp pa ein
dastarkhan
, ein duk eller ei tynn matte. Ein sit rundt maltidet oppa eller inntil puter. Tre-fire personar kan dela eit stort fat med ris som blir eten saman med andre rettar. Ein et med høgrehanda, og
vaskar hendene
før maltidet med vatn helt fra ei mugge.
[1]
Afghansk brød og pastaretten
mantu
.
Afghanske flate brød som blir steikt pa takke eller i ein
leireomn
og etne ferske, er mellom anna
nan
,
lavash
og
obi non
og dei fylte brødtypane
paratha
og
bolani
. Enkle maltid kan ha brød og
te
som dei viktigaste delane. Brød kan ogsa brukast til a ta maten til munnen med, eller som underlag for ein rett.
Ris
er statusmat i Afghanistan, og det finst ei rekkje rettar med
basmatiris
, mellom anna utvikla for det afghanske kongehuset. Til bryllaup og andre festar forventar ein fleire risrettar. To vanlege tilreiingsmatar er
chalao
, kvit ris som er forvella og deretter blit bakt med olje, smør og salt, og
palao/polao
(
pilaff
), som ogsa blir bakt men med kjøt, kraft, sausar eller anna tillegg som gjev retten farge og smak.
Kabuli
-palao
[2]
som kan ha kjøt, rosiner, pistasjnøtter og grønsaker er rekna som ein afghansk
nasjonalrett
.
Pastarettar
omfattar mellom anna
manti
/
mantu
, dampa bollar fylte med kjøt og lauk og serverte med litt saus, og
ashak
, bollar fylte med
varlauk
og servert i ein tomat- og kjøtsaus. Tomatsuppa
ausj
eller
?sh
med nudlar finst i fleire variantar rundtom i landet.
Det finst talrike supper og stuingar av kjøt og/eller grønsaker. Supper, kjend som
tsjorba
eller
tsjorva
, blir typisk laga av sau.
Korma
eller
qorma
er ein type stuing laga med lauk og kjøt eller grønsaker.
Andre typiske retter er innbakte kjøtpaiar (
sanb?seh
),
[3]
kebab
,
kofta
og tilbehøyr som
torshi
,
chutney
og lette
salatar
.
[4]
Mann utanfor ein butikk som sel søte kaker og liknande.
Større maltid blir avslutta med dessert og sa frukt. Tørka frukt og nøtter er spesialitetar i landet, som lenge har eksportert desse varene. Afghanske
druer
er velkjende, og blir ofte tørka til
rosiner
. Andre viktige frukttypar er
granateple
,
aprikos
og
plomme
.
Firni
eller
sirni
er ein populær, mjuk rispudding som ofte blir gjeven til dessert. Søte
mandlar
kalla
noql
er knytte til
id-feiringa
saman med rettar som
halwa
-e-swanak,
sheer
payra
og
goash-e-feel
eller
gosh-feel
, 'elefantøyrekaker' laga av tynn, frityrsteikt deig med pistasj- og sukkerstrø oppa.
[1]
[5]
Temaltid med brød i Afghanistan.
Te
er ein drikk som kan vera ein viktig del av eit maltid. Det blir som regel servert bade før ein et og etter eit maltid.
[1]
Sjomleh
eller
sjlombeh
er ein
jogurtdrikk
laga ved a blanda jogurt med vatn, frukt og
peparmynte
.
- ↑
1,0
1,1
1,2
1,3
Helen Saberi,
Afghan Food and Cookery
, inmamaskitchen.com
- ↑
Qabili Murg Palau
,
Afghan Kitchen Recipes
- ↑
≪Afghanistan≫,
Encyclopædia Britannica
(2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica
- ↑
Tomato, Cucumber and Red Onion Salad
Arkivert
2013-06-03 ved
Wayback Machine
.,
Afghan Culture Unveiled
- ↑
Afghan Cooking
,
Afghan Kitchen Recipes