한국   대만   중국   일본 
Acheuleen ? Wikipedia Hopp til innhald

Acheuleen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Acheuleen-handøks funne i Sainte-Gabelle .

Acheuleen er ein av dei tidlege kulturane i eldre steinalder . Han tok til for rundt 1,7 millionar ar sidan og varte til ca. 250 000 ar før notida. Kulturen er namnsett etter funnstaden Saint-Acheul ved Amiens nordvest i Frankrike .

Acheuleen er rekna som den andre fasen av kjernekulturane i tidleg eldre steinalder. Han følgde oldowan og blei avløyst av clactonien . Funn med sma lokale variasjonar er gjort i store omrade av Afrika, Vest- og Sør-Asia og Mellom- og Sør-Europa. Reiskapar fra denne kulturen blei truleg laga av begge dei tidlege mennesketypane Homo erectus og Homo heidelbergensis .

Oval handøks fra Saint Acheul .

Ei oval handøks er den karakteristiske reiskapen for denne perioden. Denne typen øks er gjennomgaande flatare og betre tilhogd enn tidlegare. Dei fleste funna omfattar ogsa mindre reiskapar, som skraparar, spissar og knivar laga av avslatte og retusjerte flintskiver. Dette viser at flekketeknikken ogsa var i bruk i acheuleen.

Kulturen blei oppdaga av Jacques Boucher de Crevecoeur de Perthes pa 1830-talet, da han undersøkte avsetningar fra elva Somme . Funna fra acheuleen viste at menneske hadde levd i Europa mykje tidlegare enn ein før hadde trudd.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Acheuleen