한국   대만   중국   일본 
Abonnement ? Wikipedia Hopp til innhald

Abonnement

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Humoristisk bilete fra 1874 av ein mann som byter gardsprodukt mot eit abonnement pa avisa Podunk Weekly Bugle .

Eit abonnement er ein avtale mellom ein mottakar og ein leverandør om fast levering av varer eller tenester . Denne avtalen blir som regel automatisk fornya fram til ein av partane seier han opp. Abonnement kan omfatta leveringar av til dømes mat eller trykksaker til ein heim eller ei bedrift eller tilgang til ein teneste som fjernsynskanalar , telefon eller nettenester . Medlemsavgift i nokre organisasjonar blir kalla abonnement. I andre høve kan abonnement vera gratis, til dømes pa nyheitsbrev. Eit serviceabonnement gjev tilgang til eit firma sine tenester og fagfolk i ein viss periode.

Typisk betaler ein kunde for eit abonnement i større summar til visse tider, til dømes ein gong i manaden eller ein gong i aret. Betalinga skjer gjerne pa førehand. Abonnement gjev dermed ei sikker inntekt til leverandøren. Abonnement kan ogsa skapa lojalitet eller andre hinder mot at kunden forlet leverandøren. Av desse grunnane vel mange leverandørar som sel produkt bade som abonnement og pa anna vis (til dømes laussal av avis ) a gje rabatt til abonnentar.

For kundar kan eit abonnemnet vera praktisk eller nødvendig for a fa eit produkt. Bruk av hushaldningstenester som straum , innlagt vatn , kloakk , telefon og Internett blir til dømes helst selde som abonnemnet. Aviser og tidsskrift kan leverast heim til abonnentar som da far med seg alle utgaver. Pa den andre sida kan abonnement føra til at ein betaler for eit produkt ein ikkje ville kjøpt sa mykje av elles. Store betalingar pa ein gong for abonnement kan ogsa gje nokon betalingsvanskar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

≪abonnement≫ i Store norske leksikon , snl.no.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .