Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
12 Stones
er ei
USA
-amerikansk
rockegruppe
som vart danna i
Mandeville
i
Louisiana
i ar 2000.
Dei opphavlege bandmedlemmene var vokalisten
Paul McCoy
,
Eric Weaver
(gitar),
Kevin Dorr
(bass) og
Aaron Gainer
(slagverk). Etter a ha spelt saman i 15 manader fekk gruppa platekontrakt med
Wind-up Records
, og allereie i 2002 kom det sjølvtitla debutalbumet. I 2004 gav dei ut oppfylgjaren
Potter's Field
, og i 2007 kom
Anthem for the Underdog
. Gruppa har gjort fleire utskiftingar av medlemmer fram til i dag.
Fleire av songane til gruppa har vorte brukt innan filmmusikk. Singelen
My Life
vart brukt i filmen
Scorpion King
, singelen
Shadows
(2002) vart brukt til traileren til
Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest
og
Photograph
(2002) var med i lydsporet til
Filmen Elektra
. Songen
Let Go
vart skriven eksklusivt for soundtracket til
Daredevil
.
Bandet har no forlate
Wind-up Records
til fordel for
Universal Music
. Dei har allereie spelt inn sitt fjerde studioalbum,
Only Human
som star pa trappene og skal etter planen gjevast ut tidleg i 2012.
Namnet 12 Stones er ein referanse til dei kristne verdiane som gruppa star for. Gruppa oppgjev tre moglege tolkingar; de tolv steinane i den tradisjonelle
hoshen
som vart boren av øvsteprestane i levittordenen i
Det gamle testamentet
, dei tolv steinane israelittane sette opp etter at dei hadde kryssa
elva Jordan
og dei tolv læresveinane som fylgde
Jesus Kristus
.
- 12 Stones
(2002)
- Potter's Field
(2004)
- Anthem for the Underdog
(2007)
- The Only Easy Day Was Yesterday
(EP, 2010)
- Only Human
(2012)
- The Way I Feel
(2002)
- Broken
(2002)
- Crash
(2002)
- Far Away
(2004)
- Photograph
(2004)
- Lie To Me
(2007)
- Anthem for the Underdog
(2008)
- Adrenaline
(2008)
- Broken Road
(2009)
- We Are One
(2010)
- Disappear
(2010)
- Bulletproof
(2011)