한국   대만   중국   일본 
Øresundtollen ? Wikipedia Hopp til innhald

Øresundtollen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kronborg slott vart oppført for a vakte over innløpet til Austersjøen
Helsingør i 1588

Øresundstollen var ein skipstoll innført i 1427 eller 1429 (opplysningane varierer) av Erik av Pommern . Kvart og eit utanlandsk skip som passerte ei linje mellom Helsingør og Helsingborg matte betale ei avgift. I seinare tid gjekk linja nærare bestemt mellom Kronborgs flaggbatteri og den nordlegaste delen av Helsingborg.

For a styrkja makta si over Øresund let Erik byggje Malmøhus festning, grunnla kjøpstaden Landscrone ( Landskrona ) og gjorde København til hovudstad. Ved Helsingør let han oppføre borga Ørekrog eller Krogen , forgjengaren til Kronborg slott , som saman med slottet i Helsingborg, Kernen (svensk Karnan ), overvaka tollen.

Det var ved Helsingør dei framande skipa matte liggje og vente pa a betale øresundstoll. Det fekk ei enorm økonomisk tyding for byen og gjorde han kjent i heile Europa . Kanskje er det høvet til at William Shakespeare let det mest berømte dramaet sitt, Hamlet , ga føre seg i Helsingør ( Elsinore ).

I 1567 , medan Peder Oxe var rikshovmeister , vart tollen endra til ei avgift pa lasta, noko som tredobla inntektene. For a unnga at skipa berre segla utanom, vart det og kravd inn toll ved Storebælt og Lillebælt .

Avgifta var heile tida ho eksisterte ein vesentleg del av inntekta til krona, og gjorde ho mindre avhengig av riksradet og adelen. Han var likevel sterkt mislikt blant dei store sjøfarande nasjonane, og gav dei eit paskot til stadig innblanding i nordisk maktpolitikk. Den kontroversielle sundtollen var alltid med som ein faktor i arsakene til krigane og forløpet til dei, og dei standpunkta som stormaktene tok.

Sverige var unntatt øresundstoll fram til 1720 . I 1857 vart Øresundstollen oppheva etter internasjonalt press pa ein handelskonferanse mot erstatning pa 30,5 millionar danske spesidalar . Av dei nasjonane som forplikta seg til a betale erstatning, har Brasil enno ikkje betalt (kjelde: Kustode pa Kronborg). Ved eit offisielt statsbesøk i Danmark av presidenten til Brasil Luiz Inacio Lula da Silva i september 2007 ettergav statsminister Anders Fogh Rasmussen gjelda deira.

Palle Lauring skriv i boka ≪Danmark i Skane≫ om øresundstollen: ≪ Øresund, dejlige Øresund, strømmen fuld af sild, skibe, penge og blod. I fem hundrede ar perset vi penge ud af alverdens skippere her. I bytte gav vi Skane , Halland , Blekinge , Gotland og Øsel . Plus hvad vi gavmildt udleverede af norsk land. Hvor meget en sa vil beregne de fem hundrede ars toldindteægter til, var det en darlig handel.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]