한국   대만   중국   일본 
Ile Amsterdam ? Wikipedia Hopp til innhald

Ile Amsterdam

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For øys pa Svalbard, sja Amsterdamøya .
Ile Amsterdam
øy
Satellittbilde av Ile Amsterdam.
Land   Frankrike
Region Dei franske sørterritoria
Del av Sankt Paul og Amsterdam
Areal 55  km²
Folketal 28
Kart
Ile Amsterdam
37°49′33″S 77°33′17″E  /  37.825833333333°S 77.554722222222°E  / -37.825833333333; 77.554722222222
Kart over Île Amsterdam
Kart over Ile Amsterdam
Kart over Ile Amsterdam
Wikimedia Commons: Ile Amsterdam

Ile Amsterdam (≪Amsterdamøya≫, ogsa kalla Nouvelle Amsterdam , ≪Nye Amsterdam≫) er ei fransk øy i Indiahavet . Øya er ein del av dei franske sørterritoria . Ho har namn etter ≪Nieuw Amsterdam≫, skipet til ein av dei tidlege oppdagarane av øya, Anthonie van Diemen . [1] Den første ein kjenner til gjekk i land pa øya var nederlandske Willem de Vlamingh i desember 1696. [2]

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Oppdaging [ endre | endre wikiteksten ]

Øya blei oppdaga av den spanske utforskeren Juan Sebastian de Elcano den 18. mars 1522 under den første jordomseglinga hans. Elcano gav ikkje øya namn. Da den nederlandske kapteinen Anthonie van Diemen kom til øya 17. juni 1633 kalla han henne ≪Nieuw Amsterdam≫ (nederlandsk for Nye Amsterdam ) etter skipet sitt. [1] I desember 1696 var nederlandske Willem de Vlamingh den første som gjekk i land pa øya. [2]

Den franske kapteinen Pierre Francois Peron skal ha vore landfast pa øya i ara 1792–1795. I memoara sine fortel Peron korleis han overlevde aleine pa øya. [3] [4] [5]

1800-talet [ endre | endre wikiteksten ]

11. oktober 1833 leid den britiske barken ≪Lady Munro≫ skipbrot pa øya. Av dei 97 personane ombord blei 21 overlevande plukka opp to veker seinare av den amerikanske selfangarskonnerten ≪General Jackson≫. [6]

I januar 1871 leia Heurtin, ein fransk innbyggjar fra Reunion , eit forsøk pa a busetja øya. Etter sju manader viste forsøket deira pa a avla kyr og dyrka mat seg a vera mislukka. Dei drog tilbake til Reunion, men let kyrne vera att pa øya. [7]

I 1874 blei kaptein Coffin og mannskap fra ≪Annie Battles≫ sett i land pa øya etter eit mytteri. Dei blei seinare redda fra øya. [1]

Fransk territorium [ endre | endre wikiteksten ]

Martin-de-Vivies

I 1843 la Martin Dupeyrat fram det første kravet fra Frankrike pa øyane Ile Amsterdam og Ile Saint-Paul . Guvernøren pa Reunion nekta a godkjenna kravet, og Frankrike tok først formell kontroll i oktober 1892. [1]

Ile Amsterdam og Ile Saint-Paul blei tilknytte Madagaskar i 1924 og blei saleis ein fransk koloni .

Den første franske basen pa Ile Amsterdam blei oppretta i 1949 , og blei først kalla Camp Heurtin. Hovudbasen i omradet, Martin-de-Vivies, tidlegare La Roche Godon, utgjer formelt hovudstaden pa Ile Amsterdam. Han bestar av ein forskningsstasjon og mellom tjue og tretti forskarar som bur ved stasjonen i periodar. Forskarane studerer fauna , meteorologi , atmosfære og jordmagnetisme . Basen har namn etter Paul de-Martin-de-Vivies, som saman med ti andre var pa Ile Amsterdam gjennom vinteren 1949.

SN -organisasjonen Verdas meteorologiorganisasjon har gjennom forskingsprosjektet Global atmosfærisk overvaking ( Global Atmosphere Watch , GAW) ein forskingsstasjon pa øya.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Vestkysten av øya.

Ile Amsterdam er ei vulkansk øy med ein mogleg aktiv vulkan . Vulkanen hadde sist utbrot i 1792 . Øya har ei flatevidd pa 55 km². Ho malar rundt 10 km pa si lengste side og nar 867 moh. pa sitt høgaste punkt, Mont de la Dives. Sentralt pa øya ligg eit plata kalla Plateau des Tourbieres som ligg over 500 moh., i tillegg til høgare toppar. Vest pa øya ligg karakteristiske klipper som nar over 700 moh. Dei heiter Falaises d'Entrecasteaux etter den franske oppdagaren Bruni d'Entrecasteaux . [8]

Øya er ein del av dei franske sørterritoria, og utgjer saman med naboøya Ile Saint-Paul 85 km lenger sør, eit av fem distrikt i omradet. I motsetnad til dei fleste delane av dei franske sørterritoria har Ile Amsterdam eit mildt havklima med ein arleg middeltemperatur pa 13 °C, gjennomsnittleg nedbør pa 1100 mm, vedvarande vestlege vindar og høge niva av fukt. [9]

Natur [ endre | endre wikiteksten ]

Phylica arborea -lund

Flora [ endre | endre wikiteksten ]

Treslaget Phylica arborea veks pa øya. Desse trea finst ogsa pa Tristan da Cunha og Gough Island , men det er berre pa Ile Amsterdam at dei dannar eit lagt skogdekke. Skogen blei kalla Grand Bois ('Storskogen'), og dekte laglanda pa øya fram til ein skogbrannar starta av selfangarar, som varte i fleire manader, øydela det meste av han i 1825. [1] Berre atte fragmente delar er att.

Fuglar [ endre | endre wikiteksten ]

Amsterdamalbatrossen ( Diomedea amsterdamensis ) er endemisk for øya, og hekkar berre pa Plateau des Tourbieres . Andre artar her er storjo , sørhavsterne og klippehopparpingvin . Amsterdamanda ( Anas marecula ) er no utdøydd; det same gjeld fleire lokale populasjonar av ulike petrellar . [10] Vatreastrild ( Estrilda astrild ) er ein introdusert art . [11] Bade Plateau des Tourbieres og Falaises d'Entrcasteaux blir kalla ≪ Important Bird Area ≫ av BirdLife International , sistnemnde for sin store hekkande koloni av kvithovudalbatross ( Thalassarche carteri ). [8]

Pattedyr [ endre | endre wikiteksten ]

Øya har ingen innfødde landpattedyr, men kerguelsk pelssel ( Arctocephalus tropicalis ) og sørleg elefantsel ynglar her. Det finst ogsa introduserte pattedyr som husmus , brunrotte og forvilla kattar . [11]

Fra 1871 til 2010 huste øya ogsa ein stamme forvilla storfe. Dei stamma fra fem dyr introdusert av Heurtin under det korte forsøket hans pa a kolonisera øya i 1871, [11] I 1988 var talet pa dyr estimert til rundt 2 000. Etter at det blei slatt fast at storfeet gjorde skade pa økosystemet blei det stengd inne pa nordsida med eit gjerde. [10] I 2007 avgjorde ein at feet skulle utryddast, og mellom 2008 og 2010 blei alle dyra slakta. [12]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Early History of Amsterdam and St Paul Islands, South Indian Ocean , arkivert fra originalen 23. oktober 2012  
  2. 2,0 2,1 Het Scheepvaartmuseum - Maritieme Kalender , arkivert fra originalen 26. mars 2014  
  3. Statewide County HI Archives: News Arkivert 2012-11-25 ved Wayback Machine ., USGenWeb Archives
  4. Forum Rare Books : In the news , Antiquariaat Forum
  5. Memoires du capitaine Peron sur ses voyages , Google Books
  6. Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events . Cambridge University Press. 1989. ISBN   978-0-521-30903-5 .  
  7. Carroll, Paul (29. juni 2003). ≪Amsterdam/St Paul: Discovery and early history≫ . The South Atlantic and Subantarctic Islands . Arkivert fra originalen 23. oktober 2012 . Henta 25. april 2011 .  
  8. 8,0 8,1 Important Bird Areas factsheet: Falaises d'Entrecasteaux , BirdLife International, 8. januar 2012, arkivert fra originalen 10. juli 2007  
  9. Ile Amsterdam and Ile St. Paul , ndsu.edu
  10. 10,0 10,1 Micol, T.; Jouventin, P. (1995), ≪Restoration of Amsterdam Island, South Indian Ocean, following control of feral cattle.≫ , Biological Conservation 73 (3): 199-206. , arkivert fra originalen 1. februar 2014  
  11. 11,0 11,1 11,2 Amsterdam Island - Introduced fauna , arkivert fra originalen 11. mai 2013  
  12. Sophie Lautier: "Sur l'ile Amsterdam, chlorophylle et miaulements".

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]