Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
43°1′34″N
74°59′25″W
/
43.02611°N 74.99028°W
/
43.02611; -74.99028
Ataket pa German Flatts
skjedde den 12. november
1757
under
den franske og indianske krigen
da eit kompani av franske og indianske soldatar i den britiske
provinsen New York
gjekk til atak pa ein busetnad. Dei tok mange kvinner og born til fange. Sidan 1788 har landsbyen vorte kalla
Herkimer i New York
og ikkje German Flatts.
Felttoget i 1757 hadde vore suksessrikt for styresmaktene i
Ny-Frankrike
. Britane hadde gjort eit mislukka raid mot
Louisbourg
og franskmennene hadde vunne
ved Fort William Henry
. Guvernøren i Ny-Frankrike,
Marquis de Vaudreuil
, hadde forsøkt a overbevise tyske nybyggjarar i
Mohawk River
-dalen om a støtte franskmennene. Da dei ikkje støtta franskmennene i ataket pa
Fort William Henry
i august, sendte Vaudreuil ein ekspedisjon til busetnaden German Flatts.
Vaudreuil samla ein styrke pa kring 300 mann ved
Lachine
kommandert av
Francois-Marie Picote de Belestre
. 20. oktober sette kompaniet ut fra Lachine og reiste opp
St. Lawrence-elva
og langs breidda av
Lake Ontario
til munningen av
Oswego River
, der franskmennene vann
eit anna slag i 1756
. Fra der reiste dei opp elva, kryssa
Oneida Carry
til Mohawk River og sa til German Flatts. Dei nadde busetnaden 11. november.
[2]
German Flatts bestod pa denne tida av 30 hus og om lag 300 innbyggjarar, med fem forskansa
blokkhus
. Innbyggjarane hadde fatt atvaring av dei venlege
Oneidaene
om eit atak, men dei hadde ikkje gjort førebuingar.
Den 12. november 1757 rundt kl. 03 sette Belestre i gang eit atak pa German Flatts fra asane nord for landsbyen. Dei fem blokkhusa vart raskt omringa. Førti menneske vart drepne og alle bygningane vart øydelagde. Meir enn 100 av innbyggjarane, hovudsakleg kvinner og born, vart tekne til fange og ført attende til Montreal. Somme av innbyggjarane flykta over Mohawk til
Fort Herkimer
der dei var trygge. Kommandanten i fortet sendte ut femti menn, men dei trekte seg attende etter ein kort trefning med styrken til Belestre. Dagen etter forlet Belestre staden med kanoar fylte med fangar og plyndra gods. Han kom attende til Montreal den 20. november.
Nyhendene nadde
Schenectady
dagen etter ataket. General
George Howe
reiste umiddelbart opp elva med eit regiment, men fann ingenting anna enn ruinar.
Dei fleste av fangane vart byta. Dei tyske nybyggjarane vendte gradvis attende og bygde opp at landsbyen. Han vart
angripe igjen
i 1778 under
den amerikanske sjølvstendekrigen
.
- ↑
1,0
1,1
Benton, s. 52
- ↑
Kingsford, s. 70