Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Viktor Andrijovitsj Jusjtsjenko
(
fødd
23. februar
1954
) er ein
ukrainsk
politikar, i perioden
2005
?
2010
Ukrainas tredje president. Han var statsminister i Ukraina fra
1999
til
2001
.
Justsjenko er fødd i Khoruzjivka i
Sumy oblast
og utdanna
økonom
. Han var tilsett ved dei ukrainske kontora til den
sovjetiske
statsbanken
. I 1993 byrja han jobba i den nye ukrainske statsbanken, der han blei øvste sjef i 1997.
I desember 1999 blei Jusjtsjenko innsett som statsminister av president
Leonid Kutsjma
. Han matte ga fra stillinga i 2001, etter at det blei reist
mistillitforslag
mot han pa grunn av ein konflikt med industrileiarar fra kolgruver og naturgassselskap.
I 2002 blei Jusjtsjenko leiar for koalisjonen Vart Ukraina (
Nasja Ukrajina
). Han var presidentkandidat i 2004 og deltok i ein bitter valkamp. Seint i september dette aret blei Jusjtsjenko svært sjuk, og fekk behandling ved ein klinikk i
Wien
. Legane her meinte han var blitt forgifta, og analysar av blodet hans vist svært høge verdiar av ein giftig
dioksin
(TDCC eller
tetrachlorodibenzoparadioxin
). Jusjtsjenko meinte han var blitt forgifta under ein lunsj med leiaren for tryggingstenesta i Ukraina.
Dei offisielle resultata etter presidentvalet
21. november
2004
erklærte Jusjtsjenko som tapar, og den førre presidenten sin føretrekte kandidat,
Viktor Janukovytsj
som vinnar. Anklagar om valfusk utløyste massive gatedemonstrasjonar, som blei kjende som
den oransje revolusjonen
. Til slutt blei valet underkjent, og eit nytt blei heldt
26. desember
. Jusjtsjenko blei vald som president med 52,0 % av røystene i omvalet.
Jusjtsjenko stilte ogsa som kandidat til presidentvalet i Ukraina i januar 2010, men blei slegen ut i fyrste valomgang med berre 5,5 % av røystene.