Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tropane
er det geografiske omradet av jorda som ligg rundt
ekvator
, mellom dei to
vendekretsane
, om lag 23°30' (23,5°) N og 23°30' (23,5°) S. Dette omradet vert og kalla
den heite sona
.
Dette omradet inkluderer alle omrada pa jorda der sola i løpet av eit ar star i
senit
. I
tempererte soner
vil sola aldri na ei høgd pa 90º eller sta direkte over hovudet pa ein. Ordet ≪tropane≫ kjem fra det
greske
ordet
tropos
som tyder ≪vending≫, fordi sola tilsynelatande svingar mellom dei to vendekretsane med ein periode som definerer middellengda pa eit
ar
.
Tropiske planter og dyr er dei artane som høyrer heime i tropane. Tropisk vert og av og til brukt om det
tropiske klimaet
, eit klima som er varmt og fuktig aret rundt, og som ofte inneheld frodig vegetasjon. Det finst derimot stader i tropane som ikkje har tropisk klima, til dømes
Mauna Kea
pa
Hawaii
,
Kilimanjaro
i
Afrika
eller
Andesfjella
i
Sør-Amerika
. Ein har og stader i tropane som er tørrare med lagare
luftfukt
, slik som
Sahara
,
Sentral-Afrika
og dei nordlege omrada av
Outback
i Australia.
Tropiske økosystem kan utgjere
regnskogar
, tørre
lauvskogar
,
barskogar
,
ørkenar
og andre
habitat
. Ein har ofte omrade med stort
biologisk mangfald
og
endemiske
artar, særleg i regnskogar og tørre lauvskogar. Døme pa slike stader er regnskogane i
Costa Rica
, skogane pa
Madagaskar
og
Waterbergbiosfæren
i
Sør-Afrika
.