- Denne sida finst og pa
høgnorsk
— sja ≪
Hn/Oden
≫.
Odin
eller
Oden
(
norrønt
Oðinn
) var namnet pa guden til hovdingane i norrøn gudetru. Han var hovdingen til gudane, og var og den guden norrøne hovdingar blota til. Odin er den mektigaste og klokaste av gudane i den
norrøne mytologien
. I seinare tid er gudenamnet blitt til eit noko uvanleg førenamn, og har og gjeve namn til
Odinfeltet
for
naturgass
i
Nordsjøen
.
Foreldra til Odin er
guden Bor
og
jotunkvinna
Bestla
, medan
Ve og Vilje
er brørne.
[1]
Kona er
Frigg
, med henne fekk han
Balder
,
Hod
og
Hermod
,
[1]
men ein set og
Frøya
i samanheng med han. Han er far til den populære guden
Tor
, som han fekk saman med Jord (
Fjorgyn
).
[1]
Med Rind fekk han Vale, og med Gridr fekk han
Vidar
. Odin er ogsa nemnd som far til
Ty
,
Brage
og
Heimdall
.
[1]
Odin var opphavleg gud for stormar og natta, men vart seinare forfremma til hovudgud. Han er krigsgud, og gud for visdom, trolldom (
seid
),
runemagi
skaldekunst
, med meir. Odin er og gud for kongemakt. I dei norske kongesogene (
Heimskringla
) vert kongeætta
Ynglingeætta
ført attende til Odin sin son
Frøy
(Yngve-Frøy).
Odin sin bustad heiter
Valaskjalv
. Der sit han i høgsetet
Lidskjalv
som er slik at han kan sja heile verda derfra. Odin eig spjotet
Gungne
og gullringen
Draupne
.
[1]
Odin styrer i
Valhall
.
[1]
Veggane i denne
gildehallen
er laga av spyd, og taket av skjold. Valhall har 540 portar, som alle er sa breie at 800 krigarar kan ga gjennom dei. Her samlast alle som har falle i kamp, og dei held fram kjempinga her. I Valhall er det slik at alle som døyr medan dei slast, kjem til live att, og kan eta og drikka vidare.
Maten far dei fra galten
Særimne
. Han vert eten kvar dag, men om kvelden er han like heil att. Kokken her heiter
Andrimne
, og kjelen
Eldrimne
. Geita
Heidrun
fyller eit kar med
mjød
kvar dag, det er rikeleg til alle. Odin sjølv drikk berre
vin
, det er bade mat og drykk. Det er
valkyrjene
Hrist og Mist
som ber drikkehorna til Odin.
Geita
Heidrun
og hjorten
Eiktyrne
star pa taket av Valhall og et blada fra
asketreet
Yggdrasil
.
Odin har ein hest,
Sleipne
, som gar gjennom verda med atte bein. Ingen hest i verda spring like fort som Sleipne. Han spring pa land, pa vatn, gjennom fjell og i lufta.
Pa kvar oksle har Odin ein svart
ramn
, ramnane heiter
Hugin
og
Munin
[1]
(≪Tanken≫ og ≪Minnet≫). Dei ser kvar einaste rørsle nede pa jorda og dei høyrer kvar einaste litle lyd. Ingenting kan haldast skjult for Hugin og Munin.
Odin har to ulvar,
Gere og Freke
.
[1]
Begge namna tyder grisk eller gradig.
Odin er mellom anna gud for visdom og kunnskap.
[1]
Kunnskapen fekk han da han ofra eit auga for a drikka av kunnskapens brunn (
Mime
sin brunn). Odin er difor einøygd. Ofringa gjorde han for a skjøna den verda han hadde skapt. Mime vart seinare halshoggen, og Odin nytta hovudet til a radføra seg.
Ved eit anna høve skal Odin ha ≪ofra seg sjølv til seg sjølv≫ ved a stikka seg sjølv i sida og henga seg halvt død og halvt levande i vedstreet
Yggdrasil
. Hendinga er nemnd i
Havamal
.
[1]
Slik denne versesamlinga ligg føre i
Den eldre Edda
, skal heile
Havamal
vera talen til den høge, eller Odin. Odin star stundom fram og gjev rad eller fortel om seg sjølv.
Odin sin kunnskap femner ogsa om
trolldom
og
spadomskunst
, som er knytt til
runekunne
. Han er ogsa gud for
skaldekunst
, som han fekk kunnskap om gjennom a forføra Gunnlod og drikka
mjøden
som tilhøyrde far hennar,
Suttung
.
[1]
Bade i
den eldre
og
den yngre Edda
er Odin rekna som ein av dei tre gudane som skapte
Ask og Embla
, dei første menneskja.
Dei tre nornene
har sett at ved verdas ende, under
Ragnarok
, skal Odin verta slukt av
Fenresulven
. Odin sin son
Vidar
drep dinest Fenresulven.
[1]
Odindyrking er nemnd i fleire gamle kjelder, bade fra Norden og utanlandske omrade.
[1]
Odin blei rekna som stamfar for fleire nordiske herskarætter, som
skjoldungane
i Danmark, og
ynglingane
i Uppsala og dei norske
ladejarlane
.
[1]
Seinare er Odin blitt knytt til
oskoreia
, som i nordisk og tysk folketru jagar gjennom verda.
Det norrøne namnet til Odin var
Oðinn
, som tyder 'den rasande'.
[1]
Pa
svensk
vert Odin kalla ≪Oden≫, men pa
tysk
er han ≪Wotan≫, som er avleitt av
wut
, raseri.
Guden har ogsa mange andre namn eller
kenningar
, som viser til mange eigenskapar og kunner: Allfader, Arnhovde, Atrid, Audun, Bileyg (Biløygd), Bivlinde, Baleyg (Baløygd), Bolverk, Brun/Brune, Dresvarp, Farmatyr, Feng, Fjellgeirud, Fjølne/Fjolne, Frafrid, Gaptrosne, Gaut, Gautatyr, Geirolne/Geirlodne, Gest, Gestumblinde, Gizzur, Glappsvinn, Gondle, Grane, Grim, Grimne, Gunnblinde, Ganglere, Gangrade, Geirud, Ginnar, Graskjegg, Hagvirk, Hangagud, Hangatyr, Henge, Harbard, Helblinde, Hengekjeft, Herjan, Hermod, Hildolf, Hjelmbære, Hnikar/Nikar, Hnikar-Fjølne, Hnikund/Hnikud, Hrame, Hrjod, Hropt, Hroptatyr/Roptaty, Hrossharsgrane, Hvatmod, Hvedrung, Hærglad, Hærblinde, Ha/Have/Høg, Ialk, Jevnha (Jamhøge), Jolne, Kjalar, Langskjegg, Launding, Møttul, Njot, Olg, Olur, Ome, Oske, Ovne, Rane, Ramnguden, Rosterus (hos Saxo, truleg same som
Hroptr
), Sann/Sannetal, Sigerfar, Sidhatt, Sidskjegg, Sige, Sigde, Siggaut, Sigmund, Sigtrygg, Skilfing, Skjoldvall, Svalne, Svavne, Svidre, Svidur, Svipal, Tud, Tund/Tunn, Tekk, Tror, Trasar, Tveblinde, Tvegge, Ud, Vak/Vakr,
Valfar
('far til dei falne'
[1]
), Valdr Galga, Vegtam, Vidrimme, Vidur, Vodin, Vavud, Ygg/Yggr ('den skrekkelege'
[1]
), Yggjung og Yjung.
Sjølv om Odin var den øvste av gudane, har han ikkje sett mange spor etter seg i norske stadnamn eller i tradisjonelle personnamn. Det finst ein del moglege Odin-avleidde stadnamn i Danmark, Sverige og Aust-Noreg, som
Onsøy
og
Odense
,
[2]
men ingen i Sørvest-Noreg eller Island.
[1]
Dei tidlegaste eksempla pa bruk av Odin som mannsnamn finst i skriftlege kjelder fra 1700- og 1800-talet. I desse falla er det snakk om fordanska skriftform av mannsnamnet
Audun
. Det er først i nyare tid at Odin er blitt noko vanlegare som førenamn — delvis som oppkalling etter Audun og delvis inspirert av hovudpersonen
Odin
i romanserien
Juvikfolke
av
Olav Duun
. Rundt 2200 nolevande norske menn har namnet Odin som første eller einaste førenamn
(2014)
.
Derimot har han gjeve namn til
onsdag
, pa same mate som herskar
guden Merkur
gjorde det i dei
romanske spraka
.
- ↑
1,00
1,01
1,02
1,03
1,04
1,05
1,06
1,07
1,08
1,09
1,10
1,11
1,12
1,13
1,14
1,15
1,16
1,17
Magerøy, Hallvard.
≪Odin≫
(8. november 2011),
Store norske leksikon
. Henta 9. mai 2014.
- ↑
Magerøy, Hallvard.
nordisk religion
(7. juni 2013),
Store norske leksikon
. Henta 9. mai 2014.