Mehrgarh
(
urdu
???????? ) er ein
arkeologisk
funnstad fra
yngre steinalder
(
neolittisk tid
) fra ca. 7000 f.Kr. til 2000-talet f.Kr. Det ligg pa
Kachisletta
i dagens
Balutsjistan
i
Pakistan
.
Den eldste busetjinga her, i det nordaustre hjørnet av funnstaden, var ein liten landsby som var busett fra rundt 6500 f.Kr.
[1]
Han er ein av dei eldste funnstadene med spor etter jordbruk og dyrehald i
Sør-Asia
.
[2]
Ein dyrka
kveite
,
bygg
,
jujube
og
dadlar
og heldt
storfe
,
sauer
og
geiter
.
[3]
Det blei drive handel slik at dei hadde tilgang pa
turkis
fra Iran og Sentral-Asia,
lapis lazuli
fra dagens Nord-Afghanistan og
skjel
fra kysten av
Arabiahavet
.
[1]
Boring i jekslar til fleire folk gravlagde pa staden kan vera eit av dei eldste døme pa tannlækjarkunst i historia.
[4]
Mehrgarh ligg pa vestbreidda av Bolanelva og nær
Bolanpasset
, ein fjellovergang gjennom
Toba Kakar-fjella
i vestlege Pakistan, rundt 120 km fra den noverande grensa mot
Afghanistan
.
Det ligg mellom dagens pakistanske byar
Quetta
,
Kalat
og
Sibi
og vest for
Indusdalen
. Funnstaden blir i dag rekna som ein forløpar for
Induskulturen
. Mehrgarh var busett samanhengjande fram til rundt 2600 f.Kr.
[5]
Omradet omfattar fleire menneskelaga høgder (kjend som
tell
i arkeologien).
Staden blei oppdaga i
1974
av ei arkeologisk gruppe leia av franske
Jean-Francois Jarrige
og Catherine Jarrige. Det rundt 2 km² store omradet blei grove ut fra 1974 til 1986, og igjen fra 1997 til 2000.
Dei arkeologiske sjikta gar over 11 meter ned.
[2]
Ein har gjort arkeologiske funn i seks haugar, til saman rundt 32 000 ulike leivningar.
[1]
Arkeologar deler busetjingane av omradet inn i atte periodar.
Periode I
(ca. 7000 f.Kr.?5500 f.Kr.) høyrer til
yngre steinalder
. Han var akeramisk (utan bruk av
keramikk
og steintøy) fram til rundt 6000 f.Kr.
[2]
Det tidlegaste jordbruket i omradet ser ut til a ha blitt utvikla av et
halvnormadiske
folk som til ein viss grad nytta plantar som kveite og bygg, og heldt husdyr. Jakt verker a ha vore hovudkjelda til kjøt, men etterkvart ser ein ut til a ha halde
geiter
og seinare
zebufe
.
Mehrgarh-innbyggjarane bygde enkle leirbygningar med fleire indre rom, vanlegvis fire. Bygningane med fire rom har eldstader og ber preg av a ha vore budde i, medan dei med fleire rom ikkje har det, og kan ha vore lagerbygningar.
Ein har ogsa funne eldstader i dei opne romma mellom husa. Mange av dei inneheld brende steinar eller leirkuler som ein reknar med har vore brukt til koking av mat.
Pigment og fragment av veggar viser at husa kan ha vore mala raude eller med geometriske mønster i raudt og svart.
Plassering av bygningane med noksa regelmessige opne rom imellom skil seg fra typiske steinalderbusetnader fra Vest- og Sentral-Asia, der ein gjerne har meir uregelmessige storleikar klynga tettare saman.
Det er funne talrike gravplassar fra denne tida, alltid med samanbøygde skjelett.
Mange graver har omfattande
gravgods
som korger, stein- og beinreiskapar, perler, smykke og tidvis ogsa
dyreoffer
. Rundt eller under fleire skjelett fann ein raud
oker
.
Korgene kunne tettast med naturleg
asfalt
.
Asfalt blei ogsa brukt til a laga verktøy, til dømes til a festa steinblada pa
sigder
til treskaft.
Bade gravene og funn fra verkstader viser at ein laga ei rekkje pyntegjenstandar av
skjel
,
kalkstein
,
turkis
,
lapis lazuli
,
sandstein
og
kleberstein
.
Dei sma perlene og produksjonen av kvit kleberstein gjennom a varma han opp peiker pa spesialisering i samfunnet allereie i denne tidlege perioden.
Mot slutten av perioden byrja ein a produsera enkel keramikk.
Fysisk var gjennomsnittshøgda 170 cm for menn og 160 cm for kvinner, men nokre kvinner var opptil 175 cm høge. Dette peiker pa generelt god helse og eit næringsrikt kosthald blant innbyggjarane. Gravane fra denne perioden inneheld ogsa det eldste arkeologiske dømet pa tannlækjarkunst. Ni individ hadde bora hol i jekslene.
[15]
Periode I høyrer til eit utgravingsomrade som blir kalla MR3.
Periode II (5500 f.Kr.?4800 f.Kr.) og III (4800 f.Kr.?3500 f.Kr.) høyrer ogsa til yngre steinalder, men brukte keramikk og etterkvart ogsa
kopar
. Ein har gjort funn fra periode II i utgravingsomradet MR4 og fra periode III i MR2.
[1]
Mange bygningar fra periode II er bygd oppa ruinar og nedslamma bygningar fra periode I.
Mange av funna fra periode II liknar mykje pa dei fra periode I, og vitnar om kontinuitet mellom periodane. Ein skilnad er likevel at gravene inneheld særs lite gravgods, bortsett fra nokre fa perler i nokre av dei.
Fra periode II ser jordbruk ut til a ha vore hovudnæringa.
[1]
Nokre av bygningane var tydeleg brukt som kornlager.
Det meste, rundt 90 % av kornet, var bygg.
[17]
Fra periode II har ein gjort relativt fa funn av steingods, men i periode III har mengda auka. Det finst døme pa masseproduksjon, bruk av
eldbor
og
pottemakarhjul
. Ein har ogsa funne statuettar menneske og dyr fra denne perioden.
[1]
Periode II og III er samtidige med busetjingar ved vestre del av Sør-Asia, som Rana Ghundai,
Sheri Khan Tarakai
, Sarai Kala, Jalilpur og Ghaligai.
[1]
Mehrgarh-periode IV, V og VI (3500 f.Kr.-3000 f.Kr.)
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Periode IV var fra 3500 til 3250 f.Kr. Periode V var fra 3250 til 3000 f.Kr. og periode VI fra rundt 3000 BCE.
[18]
Funn fra desse periodane høyrer til arkeologiomradet MR1.
[1]
Mehrgarh-periode VII (2600 f.Kr.-2000 f.Kr.)
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Mellom 2600 f.Kr. og 2000 f.Kr. verker staden a ha blitt forlaten til fordel for den større, befesta byen
Nausharo
rundt 8 km unna.
Historikaren Michael Wood føreslar at dette fann stad rundt 2500 f.Kr.
[19]
Pa denne tida var
Induskulturen
i mellomsteget av utviklinga si.
Den siste perioden knytt til Mehrgarh er funne ved Sibri-gravlunden, rundt 8 kilometers unna Mehrgarh.
[1]
- ↑
1,0
1,1
1,2
1,3
1,4
1,5
1,6
1,7
1,8
Sharif, M; Thapar, B. K. (1999). ≪Food-producing Communities in Pakistan and Northern India≫. I Vadim Mikha?lovich Masson.
History of civilizations of Central Asia
. Motilal Banarsidass Publ. s. 128?137.
ISBN
978-81-208-1407-3
. Henta
7 September
2011
.
- ↑
2,0
2,1
2,2
Archaeological Site of Mehrgarh
, UNESCO World Heritage Centre, 30/01/2004
- ↑
Hirst, K. Kris. 2005:
≪Mehrgarh≫
.
Guide to Archaeology
- ↑
≪Stone age man used dentist drill≫
, BBC News
- ↑
Possehl, Gregory L. 1996: ≪Mehrgarh≫.
Oxford Companion to Archaeology
, redigert av Brian Fagan. Oxford University Press, Oxford.
- ↑
Coppa, A. et al. 2006:
≪Early Neolithic tradition of dentistry: Flint tips were surprisingly effective for drilling tooth enamel in a prehistoric population≫.
Nature
. Volume 440. 6. april 2006.
- ↑
K. Kris Hirst (10. september 2016),
Mehrgarh, Pakistan - Life in the Indus Valley Before Harappa
- ↑
Maisels, Charles Keith.
Early Civilizations of the Old World
. Routledge. s. 190?193.
- ↑
Wood, Michael (2005).
In Search Of The First Civilizations
. BBC Books. s. 257.
ISBN
978-0563522669
. Henta
20 May
2016
.
- Bibliografi
29°12′45″N
67°40′15″E
/
29.21250°N 67.67083°E
/
29.21250; 67.67083