Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gruveulukka i Chile 2010
var ei ulukke i ei gruve nær
Copiapo
i
Atacamaørkenen
i
Chile
.
Ei 121 ar gammal
gull
- og
kopargruve
i det nordlege Chile kollapsa den 5. august 2010. Gruva lag 80 km fra
Copiapo
og 33 gruvearbeidarar vart innesperra 700 meter under bakken, og kring 5 km fra inngangen. Dei vart redda ut den 13. oktober og dei sette dermed verdsrekord for innesperring, med 69 dagar. Tidlegare geologisk ustabilitet i den gamle gruva, og fleire tryggleiksbrot fra eigarane av gruva, hadde dei føregaande ara ført til ei rekkje bøter og ulukker, mellom anna atte dødsfall.
[1]
Pa grunn av historia til gruva, vart det opphavleg trudd at arbeidarane truleg ikkje hadde overlevd kollapsen, eller at dei kom til a svelte i hel før dei vart funne, om dei i det heile tatt vart funne.
Ulukka fekk stor merksemd i Chile, og dei nasjonale styresmaktene tok over redningsaksjonen. Det statseigde gruveselskapet
Codelco
vart involvert, og klarte a bore atte borehol. 17 dagar etter ulukka, den 22. august, kom det ein lapp skriven med store raude bokstavar, festa til eit brot, da denne kom opp til overflata. Pa lappen stod det skrive: ≪Estamos bien en el refugio, los 33≫ (Me har det bra i tilfluktsrommet, alle 33 av oss). Nasjonen krevde da at dei chilenske styresmaktene matte finne ein mate a redde arbeidarane pa. I redningsaksjonen vart det nytta tre store internasjonale borelag, nesten alle departement i den chilenske regjeringa, ekspertisen til
NASA
og meir enn eit dusin multinasjonale selskap fra nesten alle kontinent. Etter a ha vore fanga under bakken i 69 dagar, vart alle dei 33 mennene ført trygt til overflata den 13. oktober 2010 ved a hale dei opp i ein kapsel gjennom eit forholdsvis smalt hol.