Arktis
er namnet pa omrada rundt
Nordpolen
. Det finst fleire definisjonar pa nøyaktig kva omrade det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen nar ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landomrade, som
Svalbard
,
Grønland
og det nordlegaste
Amerika
. Desse definisjonane nyttar gjerne
Polarsirkelen
eller den nordlege
tregrensa
som ytre grense for Arktis.
Dersom ein bruker den snevre definisjonen av Arktis, finst det ikkje land der. Overflaten er danna av store
isflak
som støyter saman og bryt seg laus fra kvarandre. Tek ein med landomrada litt lenger sør, vil ein finna at dei ogsa er prega av is. Dei er tundralandskap, det vil seia at det meste av jorda er frosen aret rundt.
Trass i dette har Arktis eit rikt dyreliv. I hava og under isen er det liv. I tillegg til
fisk
og
havpattedyr
finn ein til dømes
mosdyr
,
sjøpungar
,
krepsdyr
og
muslingar
. Symbolet pa Arktis er likevel
isbjørnen
.
Namnet Arktis kjem fra det
greske
ordet
Arktos
, som tyder
bjørn
. Stjernebileta som grekarane kalla
Store Bjørn
og
Vesle Bjørn
ligg i nord, og dermed blei dette dyret knytt til nordlege trakter. At isbjørnen er det dyret dei fleste assosierer med Arktis, gjer namnet enda meir passande.
Antarktikos
, eller
Antarktis
er dermed motstykket til bjørnelandet, og ligg pa andre sida av jordkloten.
Nordishavet
tilfører bade fukt og varme til Arktis, sjølv om det kan vere kaldt nok her. Fukta gjer at det vert noko meir
skya
og
take
her enn i
Antarktis
. Polhavet far tilført mykje ferskvatn fra elvar og gjennom nedbør, og har derfor stor
isdanning
. Isutbreiinga er typisk størt i mars og minst i august-september, noko som paverkar bade temperatur og nedbør. Det er derimot store skilnader fra ar til ar.
I Polhavet vert klimaet delvis styrt av ein høgtrykksrygg mellom det nordlege
Canada
og Aust-
Sibir
som er best utvikla om varen.
Middeltemperaturen
for februar gar ned mot -40 °C nord for
Grønland
og pa øyane lenger vest, medan
Beringsundet
og
Spitsbergen
har kring ?20 °C. Den varmaste manaden er juli og middeltemperaturen ligg nær eller litt under 0 °C i heile dette omradet. Kyststrøka har typisk litt over null grader. Det kjem mest nedbør pa sommaren og tidleg pa hausten, men ikkje meir enn 150 mm og mindre enn dette i Nord-Amerika.
Omradet fra Grønland og austover mot
Novaja Zemlja
har eit maritimt polarklima, og ei tunge med temperert klima strekkjer seg heilt opp til 71 °N i havet vest for Noreg. Temperert havvatn strøymer inn i Polhavet fra
Norskehavet
og gjer at isgrensa nord for Spitsbergen ofte ligg nord for 80 °N. Isfjell fra Grønland gjer derimot at havtemperaturen er lag langt mot sør. Bjørnøya er typisk for denne sektoren med middeltemperatur i januar pa -7,9 °C, og i 4,5 °C i august. Det er forholdsvis ofte take om sommaren, i juli heile 22 % av tida, medan han vinteren gjennom berre er kring 2 %. Bjørnøya har i snitt sju klarversdagar per ar.
Øygruppene utanfor
Eurasia
og Nord-Amerika er prega av landomrada innanfor, særleg pa vinterstid. Pa grunn av sterkt varmetap over land far ein nærast ein
monsuntendens
der lufta strøymer fra land mot det mindre kalde havet. Sjøtemperaturen kjem sjeldan over frysepunktet. Det vert ofte palandsvind med pafølgjande
take
og
skyar
pa kysten. Omrade som er skjerma fra havet kan fa ganske fine temperaturar pa sommarstid i
midnattssola
, og temperaturar opp mot 20 °C er ikkje uvanleg her.
- Oljeboring
Noreg, USA
[1]
og Russland har opna for oljeboring, per 2018.
Ingen utvinning av olje eller gass skjer (per 2018) i arktisk Canada.
- ↑
Nicolai Eriksen Nicolai Eriksen (4. januar 2018).
≪USA med sjokk-kunngjøring: Vil apne opp for oljeleting i et omrade større enn hele Norge≫
.
≪Arktis ? klima≫
av Petter Dannevig i
Store norske leksikon
, snl.no.