한국   대만   중국   일본 
Materiale ? Wikipedia

Materiale

(Omdirigert fra Material )

Materiale er eit stoff som kan brukast til a lage noko, til dømes gjennom foredling, omdanning eller samansetjing. Materialteknologi er studiet av og kunnskap om materiale. Han omfattar materialvitskap , som tek opp dei grunnleggjande kjemiske, mekaniske og fysiske eigenskapane til ulike materiale, og materialteknikk , som ser pa korleis ein bruker dei som komponentar, blandemateriale eller tilsetjingsstoff i produkt.

Ulike metall .
Materialar til eit hobbyprosjekt. Her er eigenskapar som utsjanad viktig.
Plastflasker til gjenvinning.

Nokre eigenskapar som har tyding for korleis ein kan bruka materiale er om dei er harde eller mjukare, bøyelege eller ikkje, tunge eller lette , eldfaste eller ikkje, om det er magnetiskme eller leiar elektrisitet , og mykje anna. Kunnskap om materiale er viktig der ein driv med framstilling av ting, og i arkitektur , ingeniørkunst og liknande.

Ein kan framstilla materiale pa ulike matar. Plantemateriale kan dyrkast eller sankast, dyremateriale kan ein fa gjennom jakt eller oppdrett . Mange hardare materiale vinn ein ut fra berg gjennom gruvedrift , steinbrot og liknande. Petroleum blir henta ut fra jord eller havbotn og kan omdannast til ulike kunststoff . Verdifulle materiale kan ogsa gjenvinnast eller gjenbrukast .

Døme pa materiale

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  • ≪Materiale≫ (2009, 14. februar). Store norske leksikon . Henta 23. juli 2013.