Dei tretten koloniane
(
engelsk
The Thirteen Colonies
) var ein del av det som vart kjend som
Britisk Amerika
, eit namn som vart nytta av
Storbritannia
fram til
Paristraktaten
anerkjende sjølvstendet til dei opphavlege tretten koloniane som
USA
i
1783
. Desse
britiske
koloniane i Nord-Amerika gjorde opprør mot det britiske styret i
1775
, i det som vert kalla
den amerikanske revolusjonen
i USA og
den amerikanske sjølvstendekrigen
i andre land. Ei mellombels regjering vart oppretta og denne erklærte sjølvstendet til landet den 4. juli 1776 (
independence day
, frigjeringsdagen). Dei tretten koloniane vart dei første tretten statane i USA. Koloniane vart grunnlagde mellom 1607 ((
Virginia
) og 1733 (
Georgia
), sjølv om
Storbritannia
hadde fleire andre koloniar i Nord-Amerika og
Karibia
som ikkje vart med i opprøret i 1775.
Nordamerikanske koloniar 1763-76
I 1775 kravde britane styre over dei raude og rosa omrada pa dette kartet.
Spania
styrte det oransje. Det raude omradet var omradet som var ope for Dei tretten koloniane etter den kongelege kunngjeringa i 1763.
Dei tretten koloniane var opphavet til 18 av dagens statar. Dei opphavlege tretten statane var
Delaware
,
Pennsylvania
,
New Jersey
,
Georgia
,
Connecticut
,
Massachusetts
,
Maryland
,
Sør-Carolina
,
New Hampshire
,
Virginia
,
New York
,
Nord-Carolina
,
Rhode Island
),
Vermont
(som New Hampshire og New York hadde kjempa om og som var ein
sjølvstendig republikk
fra 1777 til 1791),
Kentucky
(som hadde vore ein del av Virginia fram til 1792),
Tennessee
(som hadde vore ein del av Nord-Carolina fram til 1790 og sa det føderalt styrte
Sørvest-territoriet
fram til 1796),
Maine
(tidlegare ein del av Massachusetts fram til 1820) og
Vest-Virginia
(del av Virginia fram til 1863).
Mykje av dei nordamerikanske territoria utanfor Dei tretten koloniane var omrade som britane fekk til seg under
sjuarskrigen
.
Den kongelege kunngjeringa i 1763
hindra derimot nybygging bortanfor kunngjeringslinja.
- Denne artikkelen bygger pa ≪
Thirteen Colonies
≫ fra
Wikipedia pa engelsk
, den 3. januar 2010.
- Wikipedia pa engelsk
oppgav desse kjeldene:
- Cooke, Jacob Ernest et al., ed.
Encyclopedia of the North American Colonies.
Scribner's, 1993. 3 vol; 2397 s.
- Gipson, Lawrence.
The British Empire Before the American Revolution
(15 *volumes) (1936-1970), Pulitzer Prize; highly detailed discussion of every British colony in the New World
- Greene, Evarts Boutelle et al.,
American Population before the Federal Census of 1790
, 1993,
ISBN 0-8063-1377-3
- Greene, Evarts Boutelle.
Provincial America, 1690-1740.
1905.
online
- Osgood, Herbert L.
The American Colonies in the Seventeenth Century.
4 vol Columbia University Press, 1904-07.
online
- Vickers, Daniel, red.
A Companion to Colonial America.
Blackwell, 2003. 576 s.