한국   대만   중국   일본 
Alexander Kielland ? Wikipedia

Alexander Kielland

norsk forfattar
For plattformulukka, sja ≪Alexander L. Kielland≫-ulukka .

Alexander Lange Kielland ( 18. februar  1849 ? 6. april  1906 ), vart fødd og voks opp i Stavanger og døydde i Bergen . Kielland var ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg pa 1800-talet . Saman med Henrik Ibsen , Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av ≪ dei fire store ≫ i norsk litteratur.

Alexander Kielland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1849
Stavanger kommune
Død

6. april 1906 (57 ar)
Bergen

Yrke forfattar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Jens Zetlitz Kielland
Born Beate Kielland , Jens Zetlitz Kielland
Alexander Kielland pa Commons
Statue av Alexander Kielland pa torget i Stavanger

Han høyrde til ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland . I oppveksten var han del av ein av dei mest velstaande heimane i byen. Som gut gjekk han pa Stavanger Katedralskole . Han likte seg darleg pa skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist , og kjøpte eit teglverk pa Madla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekar.

Kielland debuterte i 1879 med Novelletter , ei samling av korte noveller . Aret etter skreiv han sin fyrste roman , Garman & Worse . Han skreiv i ein realistisk , samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til atak pa religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja . I tillegg kom han inn pa tema som embetsstand , ekteskap og klasseskilje .

Fra 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdals amt , med hovudsete i Molde . Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Alesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.

Malarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarnet hans.

Utgjevingar endre

  • Paa Hjemveien (drama) 1878
  • Novelletter (kortprosa) 1879
  • Garman & Worse (roman) 1880
  • Nye Novelletter (kortprosa) 1880
  • For Scenen. Tre Smaastykker (drama) 1880
  • Arbeidsfolk (roman) 1881
  • Else (roman) 1881
  • Skipper Worse (roman) 1882
  • To Novelletter fra Danmark (kortprosa) 1882
  • Gift (roman) 1883
  • Fortuna (roman) 1884
  • Sne (roman) 1886
  • Tre Par (drama) 1886
  • Sankt Hans Fest (roman) 1887
  • Bettys Formynder (drama) 1887
  • Professoren (drama) 1888
  • Forsvarssagen (essaysamling) 1890
  • Jacob (roman) 1891
  • Mennesker og Dyr (essaysamling) 1891
  • Omkring Napoleon (essaysamling) 1905

Sja og endre

Litteratur endre

  • Obrestad, Tor: Sannhetens pris?: Alexander Kielland?: en beretning , Oslo 1996. ISBN 82-02-13013-1

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alexander Kielland
  Alexander Kielland pa Wikikilden (frie originaltekstar)