한국   대만   중국   일본 
Vinter-OL 1924 ? Wikipedia


Vinter-OL 1924 vert rekna som dei fyrste olympiske vinterleikane. Idrettskonkurransane, som vart skipa til i Chamonix i Frankrike , vart opphavleg kalla Semaine des Sports d'Hiver (≪Vintersportsveka≫). Veka vart arrangert i samband med sommarolympiaden i Paris . I ettertid gav den internasjonale olympiske komiteen ( IOK ) dette arrangementet status som dei fyrste olympiske vinterleikane .

Vinter-OL 1924

Vertsby Chamonix , Frankrike
Nasjonar 16
Idrettsgreiner 9
Opna 25. januar 1924 , av Gaston Vidal
Avslutta 5. februar 1924
Utøvarar
Menn 247
Kvinner 11
Totalt 258
Dei olympiske vinterleikane

Det vart delt ut medaljar i 16 øvingar og 9 idrettsgreiner. Nokre øvingar, som curling og militært patruljeløp , er seinare blitt rekna som demonstrasjonsøvingar. Det vart ikkje føreteke noko slikt skilje i 1924, og i ettertid har IOK gatt inn for a godkjenna ogsa desse. Sa seint som i 2006 blei curling godkjend som ei fullverdig OL-øving, og deltakarane eller arvingane deira fekk rette medaljar.

Noreg tok fire gullmedaljar, tre av dei kom ved Thorleif Haug . Han vann begge langrennskonkurransane (15 km og 50 km ) i tillegg til kombinert . Nordmannen Jacob Tullin Thams vann hoppkonkurransen . I kunstløp kom knapt 12 ar gamle Sonja Henie pa attande og sisteplass, i dei følgjande tre leikane skulle ho vinna gull kvart ar.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Harald Strøm , som deltok pa skeiseløp .

Idrettsgreiner endre

Medaljestatistikk endre

Dei beste nasjonane  
Nr. Land G S B Totalt
1   Noreg 4 7 6 17
2   Finland 4 4 3 11
3   Austerrike 2 1 0 3
4   Sveits 2 0 1 3
5   USA 1 2 1 4
6   Storbritannia 1 1 2 4
7   Sverige 1 1 0 2
8   Canada 1 0 0 1
9   Frankrike 0 0 3 3
10   Belgia 0 0 1 1

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre