Minaretar
(
arabisk
minara
,
urdu
minra
) er arkitektonisk særprega byggverk tilknytt
muslimske
moskear
. Minaretar er som regel høge og grasiøse spir, ofte med løkforma kroner, vanlegvis frittstaande eller markant høgare enn bygningane rundt.
Minaret i
Eger
i
Ungarn
.
Minaret i
Gijduvan
i Usbekistan.
Minaretane sin viktigaste funksjon i nyare tid er a vera eit høgt punkt der
muaddhinen
kan kalla dei truande til
bøn
. I mange moderne moskear vert bønekallet,
adhan
, ropt ut med mikrofonar i staden, og minareten er saleis gjerne mest eit dekorativt element.
Minaretar har vorte skildra som ein port mellom himmel og jord, og vert i blant samanlikna med den
arabiske
bokstaven
alif
, som er ei rett line.