Leonid Osipovitsj Pasternak
(døypt Yitzhok-Leib, eller Isaak Iosifovich, Pasternak; russisk: Леонид Осипович Пастернак, (
4. april
1862
?
31. mai
1945
) var ein
russisk
kunstmalar, som i hovudsak mala i ein
impresjonistisk
stil. Han var far til romanforfattaren
Boris Pasternak
.
Leonid Pasternak vart fødd i
Odessa
. Faren var jødisk og dreiv eit vertshus. Leonid var det yngste av seks born i familien. Han tok tidleg til a teikne, noko familien hans fraradde han i frykt for at det skulle forstyrre studiane hans. Hans fyrste sponsor var ein gatefeiar som byrja kjøpe Pasternaks kunst da guten var sju ar gammal.
Fra 1881 til -85 studerte Pasternak ved
Moskva
universitet, fyrst ved det medisinske instituttet og sa ved det juridiske instituttet. Til sist bestemte han seg for a vigje livet sitt til kunsten. Han reiste til
Tyskland
og tok til ved
Akademie der Bildenden Kunste Munchen
. Eksamen ved akademiet avla han i 1887. Deretter reiste han tilbake til Russland og tenestegjorde dei to pliktara i armeen (i eit artilleri-regiment). Fra 1889 dreiv han som malar pa heiltid.
Pasternak opplevde suksess allereie fra starten av. Hans fyrste utstilte maleri vart kjøpt av
Pavel Tretjakov
, den viktigaste kunstkjøparen i samtidas Russland. Pasternak vart snøgt ein populær malar, og kom med i den sa kalla Polenov-sirkelen. Mellom dei andre malarane i denne var
Valentin Serov
,
Isaak Levitan
,
Mikhail Nesterov
og
Konstantin Korovin
.
Pasternak var ein av dei fyrste russiske malarane som kalla seg impresjonist. I 1880-ara og 1890-ara var det i Russland meir enn nok for ein kunstnar til a verte lagd merke til. Han var ogsa medlem av malarrørslene
Peredvizjnikij
og
Mir iskusstva
. Til
Leo Tolstoj
utvikla han eit nært vennskap, i opptil manadsvis kunne han bu pa Jasnaja Poljana. Over ar mala han mange portrett av den verdskjende forfattaren. Dessutan illustrerte han romanane
Krig og fred
og
Oppstode
. Ved verdsutstillinga i
Paris
1900 fekk han tildelt ein medalje for sine illustrasjonar til Tolstojs romanar.
Pasternak vart vald inn i
St. Petersburg
kunstkademi i 1905, og underviste elles ved Moskvas skule i maling, bilethogging og arkitektur.
Flyktning ? Ekteskap
endre
I 1921 trong Pasternak ein augeoperasjon, operasjonen vart utført i
Berlin
. Han reiste dit med kona si og to døtrer. Etter operasjonen bestemte han seg for ikkje a reise tilbake til Russland, og budde i Berlin til 1938. Han flykta da fra nazistyret til
Storbritannia
. Pasternak døydde i Oxford i
1945
.
I 1889 gifta Pasternak seg med pianisten Rosa Kaufman. Dei nygifte busette seg i Moskva, der det fyrstefødde barnet Boris kom til verda aret etter giftarmalet. Attat den seinare verdskjende forfattaren fekk kunstnarparet tre born.