한국   대만   중국   일본 
Wilhelm Hansteen ? Norsk biografisk leksikon

Faktaboks

Wilhelm Hansteen
Wilhelm von Tangen Hansteen
Fødd
11. mai 1896, Kristiania
Død
6. september 1980, Oslo
Verke
Jurist og offiser
Familie
Foreldre: Magistratssekretær, overrettssakførar Axel August Hansteen (1863?1937) og Lina von Tangen (1870?1954). Gift 15.12.1936 i Trondheim med Marie (“Maja”) Brodtkorb Birkeland (23.4.1899?3.8.1971), dotter til grosserar Gunnar Birkeland (1863?1928) og Lina Brodtkorb (1874?1944). Brorsons soneson til Christopher Hansteen (1784?1873).
Wilhelm Hansteen
Wilhelm Hansteen
Av /NTB Scanpix ※.

Som forsvarssjef og sjef for Forsvarets overkommando pa den norske utefronten fra 1942 hadde Wilhelm Hansteen ei sentral rolle i samarbeidet med dei allierte under planlegginga av frigjeringa av Noreg.

Hansteen voks opp i Kristiania. Etter examen artium 1914 tok han Krigsskolens øvste avdeling 1917 og fullførte Den militære høyskole to ar seinare. 1919?23 var han aspirant i Generalstaben, samstundes med at han studerte jus og vart cand.jur. 1924. Deretter var han adjoint i Generalstaben og tok generalstabsprøva 1928. Aret etter hadde han studieopphald i Frankrike, medrekna eit halvt ars teneste ved eit fransk infanteriregiment. Etter eitt ar som domarfullmektig vart han utnemnd til kaptein i Generalstaben 1931, og 1934?36 var han stabssjef ved 5. divisjon. Desember 1936?desember 1941 var han militærattache i Finland, med majors grad og sideakkreditering til Estland og Latvia.

Vinteren 1942 vart Hansteen kalla til London og tilboden stillinga som forsvarssjef og sjef for den nyoppretta Forsvarets overkommando (FO), med grad som generalmajor. Forsvarsminister Oscar Torp hadde bestemt seg for a etablere ein slik overkommando for a fa ein samlande sjef for det norske militære apparatet i eksil ? ein som kunne ta leiinga av all planlegging og operasjonar med sikte pa frigjeringa av heimlandet, og som kunne fa i stand eit høgst nødvendig samarbeid med britiske og allierte militære organ. Hansteens næraste medarbeidar i FO vart rittmeister Bjørn Christophersen, som vart utnemnd til oberst og stabssjef. Saman kom dei to til a utøve eit effektivt leiarskap, der Hansteens intellektuelle og diplomatiske evner kunne kombinerast med Christophersens resolutte energi og iderikdom. Deira raske avansement til toppstillingar, og deira relative ungdom, vakte oppsikt og ikkje sa lite motvilje i offiserskrinsar som var vande med etablerte ansiennitetsreglar. Men dei hadde forsvarsministerens tillit og kom raskt pa talefot med dei britiske militære sjefane.

Spesielt viktig var det samarbeidet som kom i stand gjennom ein nyoppretta Anglo-Norwegian Collaboration Committee, ein samarbeidskomite som hadde tilsyn med alle operasjonar bak fiendens liner i det okkuperte Noreg. Her hadde britane, gjennom spesialorgana Special Operations Executive og Directorate of Combined Operations, lenge ført sin eigen krig utan a radføre seg med norske instansar. Eksempel pa det var raida mot Lofoten og Vagsøy i julehelga 1941. Reaksjonen etter desse operasjonane vart pa fleire matar avgjerande for omveltinga i den norske forsvarsleiinga og opprettinga av FO.

Trass i dei mange samarbeidstiltaka som den nye leiinga fekk i gang, var der grenser for dei alliertes vilje til a ta nordmennene med pa rad i storstrategiske spørsmal. Frigjeringa av Noreg var berre ein liten del av det omfattande frigjeringsverket for det okkuperte Europa, og det var tidleg klart at landet først ville fa sin fridom fra tysk okkupasjon som ledd i Hitler-Tysklands endelege kapitulasjon. Det var likevel ikkje utenkjeleg at Noreg matte attvinnast med militær makt. London-regjeringa freista a overtale dei allierte til a la kronprins Olav bli alliert øvstkommanderande for ein slik operasjon, men dette vart avvist med tilvising til at dette ville utløyse tilsvarande krav fra dei andre allierte eksilstyresmaktene. For likevel a sikre at norske interesser vart tilgodesedde under frigjeringsoperasjonane, bestemte regjeringa sommaren 1944 a be kronprins Olav overta som forsvarssjef, med Hansteen som nestkommanderande ? ei løysing som hadde Hansteens fulle tilslutning.

Etter frigjeringa 1945 vart Hansteen utnemnd til generalinspektør for det nyoppretta Heimevernet. 1947?48 var han sjef for den norske Tysklandsbrigaden og deretter generalløytnant og sjef for Hæren 1948?56, dessutan sjef for NATOs landstridskrefter i Noreg 1951?53. Fra 1956 til han nadde aldersgrensa 1966 var han generalkrigskommissær og i perioden 1957?60 til like fungerande sjef for Forsvarets høgskole. Etter at han tok avskil som offiser var han i fem ar knytt til Forsvarets Krigshistoriske avdeling, som forfattar av bandet om operasjonane pa Vestlandet i serien Krigen i Norge 1940.

Wilhelm Hansteen vart utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden 1949, han var Knight Commander av den britiske Order of the Bath, kommandør av den franske Heiderslegionen og hadde storkors av den svenske Svardsorden og fleire andre utanlandske dekorasjonar.

Verker

  • Operasjonene til lands pa Vestlandet og i Hallingdal og Numedal , bd. 15 i Krigen i Norge 1940, 1971
  • fleire artiklar om m.a. norsk forsvarspolitikk

Kilder og litteratur

  • Barth, 1930
  • Stud. 1914, 1939, 1964
  • HEH, fleire utg.
  • O. Riste: London-regjeringa. Norge i krigsalliansen 1940?45, bd. 1?2, 1973?79