Commons : Vedlikehald av hjelpesidene

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search

Alemannisch ?| brezhoneg ?| catala ?| Deutsch ?| English ?| espanol ?| euskara ?| francais ?| Bahasa Indonesia ?| italiano ?| 日本語 ?| ????? ?| Nederlands ?| norsk bokmal ?| norsk nynorsk ?| occitan ?| polski ?| portugues ?| русский ?| Ti?ng Vi?t ?| 中文 ?| +/?

Wikimedia Commons er eit fleirsprakleg prosjekt, sa informasjonen ma vere tilgjengeleg pa spraka som vert snakka av bidragsytarane. Fordi skriving og omsetjing av dei enkelte hjelpesidene, sidene med retningsliner osb. vert best med god struktur, for a unnga dobbelt arbeid, og fordi sidene ma vedlikehaldast for a vere nyttige er det behov for ei sentral side for vedlikehald av hjelpesidene med reglar.

Inndeling av hjelpesidene [ edit ]

  1. Dei viktigaste sidene
  2. Sidene med lover og reglar
  3. Andre viktige sider
  4. Sider for det sentrale Commons-samfunnet
  5. Andre sider
  6. Utsjanaden pa Wikimedia Commons

Basisreglar [ edit ]

Skriving av sidene [ edit ]

  1. Ikkje lag unødvendige kopiar og hald antalet sider in Commons- og Help-namneromma lite. Hjelp/retningsline/prosjekt/samarbeids-sider og liknande sider som ikkje handlar spesielt om Wikimedia Commons høyrer ikkje heime her. Spesielt sider om MediaWiki -programvaren er unødvendige og vil verte sletta eller flytta til Meta sidan det er i oppdatert MediaWiki-handbok der. Sa dersom du vil byrje a skrive ei side om eit emne, ver venleg og sjekk alltid om det allereie eksistere ei liknande side. Det er og ei rekkje kopiar og like sider fra før. Sjekk om det er nokre du kan flette saman.
  2. Artiklane om korleis ein kjem i gong og dei tekniske hjelpeartiklane skal plasserast i Help-namnerommet. Sider med retningsliner, prosjektsider, sider med lover, sider om vedlikehald av Commons og andre sider om ikkje passar andre stader skal plasserast i Commons-namnerommet.

Omsetjing av sider [ edit ]

  1. Ikkje start omsetjing av ei side som er utdatert pa engelsk. Ver venleg og oppdater originalsida fyrst i slike tilfelle. Elles vil du sløse vekk tid.
  2. A starte omsetjing av dei viktigaste introduksjonssidene er tilradd fordi desse er dei fyrste sidene nye brukarar ser nar dei kjem til Wikimedia Commmons. Dersom introduksjonssidene er tilgjengelege pa morsmalet deira, vert dei sannsynlegvis meir tiltrekte til Wikimedia Commons og desse sidene er svært synlege, sa det er sannsynleg at fleire vert med i omsetjingsarbeidet.
  3. Dei enkelte omsetjingane er kobla saman med malen {{Lang-NAME}} som er pa toppen av kvar side og lenkjar til kvar av sidene og brukar spraknamnet til lenkjetittel.
  4. Sjølve sidene vert kategoriserte i ein Commons-<ISO-kode>-kategori (ver venleg og ikkje leggje dei i det engelske kategoritreet, som t.d. Category:Commons help , den er kun for engelske hjelpesider). Det finst underkategoriar til Category:Commons som ein ikkje treng a leggje til i den lokale Commons-kategorien, t.d. kategoriar under Category:Commons maintenance content , sidan dette gjer vedlikehaldet av Wikimedia Commons vanskeleg. For eit kategoritre over hjelpesidene pa Commons, sja Commons:Category scheme Commons maintenance/en . Ver venleg og legg til underkategoriar der dersom du treng det, og merk dei med rett mal.
  5. Det finst sentrale diskusjonssider, som Commons:Village Pump , som ein ikkje kan omsetje. Likevel kan det vere fint a lage lokaleliknande sider pa andre sprak og lenkje dei saman som ovanfor. Tenk deg om før du lagar ei slik side. Du ma vedlikehalde ho, og sørge for at folk far svar pa spørsmala sine utan at det gar svært lang tid. Dersom den siste diskusjonen pa ei slik side er eldre enn to veker vil lenkja i Lang-malen (sja Reglar for vedlikehald av omsetjingane under) verte kursiv og etter to veker til vil lenkja forsvinne til nokon byrjar a bruke den att. Dette er nødvendig fordi folk vert frustrerte nar ingen andre legg merke til spørsmala deira og svarar pa dei.
  6. Andre sentrale Wikimedia Commons-vedlikehaldssider som Commons:Deletion requests kan ikkje omsetjast, og er kun nødvendige pa engelsk. Likevel er du velkomen til a omsetje innleiingsteksten pa slike sider sa folk far hjelpeinformasjonen pa sitt eige sprak.

Reglar for vedlikehald av omsetjingane [ edit ]

Dersom ei omsetjing av ei ofte omsett side ikkje vert oppdatert/sett over er den ikkje til hjelp lenger, og fører dermed berre til forvirring, brukarar gjer feil, og folk vert frustrerte. Difor treng ein nokre reglar for Lang-malen øvst pa sida:

  1. Dersom ein sprakmal inneheld meir enn 20 lenkjer til sider, og ei av sidene ikkje vert oppdatert/sett over pa to veker etter den siste endringa pa den engelske versjonen vart gjort , vil lenkja i Lang-malen verte skriven med kursiv skrift, som t.d.:
    ''[[Hauptseite|Deutsch]]?|''
    
    , som vil sja ut slik:
    Deutsch ?|
  2. Sider vert sett over i den rette omsetjongsseksjonen (sja over). Nar brukarar oppdaterer/ser over ei side skriv ein signaturen etter sprakkoden til den aktuelle omestjinga (og fjernar ein eventuell anna eksisterande gammal signatur der).
  3. Dersom ei side ikkje vert oppdatert pa to veker til , vil den verte usynleg (men ikkje fjerna) i Lang-malen med fylgjande kode:
    <span class="hiddenStructure{{{visible| }}}">''[[Hauptseite|Deutsch]]?|''</span>
    
    HiddenStructure er ein CSS-klasse som er innlagd i MediaWiki:Common.css som vil gjere lenkja usynleg sa lenge malen ikkje vert kalla med synlegvariabelsettet. Pa sidene for vedlikehald av hjelpesidene kan malen verte kalla med visible=yes, sa folk framleis kan finne gamle omsetjingar sa dei kan oppdatere dei.

Dette gjeld berre sider som t.d. hovudsida som har meir enn 20 omsetjingar.

Viktige oppgaver akkurat no [ edit ]

  • Dei fleste sidene med hjelp og retningsliner vart sist oppdatert pa engelsk i mai 2005 og er i dei fleste tilfelle heilt utdaterte, i tilleg til at det er mange sider med nesten likt innhald. Ver venleg og hjelp til med a rydde opp i alle desse sidene. Sja Category:Commons og finn kva som treng oppdatering.
  • Det same gjeld omsetjingane. Dei vart gjorde pa same tid og sa gløymde. Ver venleg og vedlikehald alltid omsetjingane dine dersom morsmalet ditt er viktig for deg (og det hapar vi det er).
  • Alle sider som er utdaterte i dei tilfella det finst ein oppdatert engelsk versjon vil fa lenkjer i kursiv skrift dei neste dagane.